Norsk Målungdom

Sentralstyret 2017-2018

LeiarFredrik Hope (Frå Gloppen, fødd 1993)

Fredrik har bakgrunn frå både Firda Målungdom, Skibladner Målungdom og Studentmållaget i Bergen. I fyrst- og sistnemnde har han vore leiar, og han har også sete eit år i landsstyret. I 2014 vart han vald inn i sentralstyret. Fredrik er elles ein driven felespelar, har ein bachelor i retorikk frå UiO og studerer i dag bibliotekvitskap ved HiOA.

NestleiarElise Tørring (Frå Lillesand, fødd 1994)

Elise har bakgrunn frå Studentmållaget i Oslo, der ho sat som nestleiar før ho vart valt inn i sentralstyret. Ho sat i landsstyret frå våren 2016, men gjekk inn i sentralstyret frå januar 2016. Elise tek lærarutdanning ved HiOA.

SkrivarEline Bjørke (Frå Løten, fødd 1993)

Eline har vore leiar i Studentmållaget i Nidaros og ho har sete to periodar i landsstyret. Ho er utdanna lektor frå NTNU.

ØkonomiansvarlegFrida Pernille Mikkelsen (Frå Førde, fødd 1997)

Frida har bakgrunn frå Firda Målungdom og Studentmållaget i Oslo. Ho har sete to periodar i landsstyret. Frida studerer arkeologi ved UiO.

SentralstyremedlemSvein Soldal Eggerud (Frå Stord, fødd 1995)

Svein har vore kasserar i Studentmållaget i Stavanger og har sete to periodar i landsstyret.

SentralstyremedlemÅsmund Mikalsen Kvifte (Frå Osterøy, fødd 1992)

Åsmund har vore aktiv i Ås studentmållag i mange år, og han har sete i landsstyret i fire periodar før han vart valt inn som vara i sentralstyret i 2016.

1. varaKine Gjertrud Svori (Frå Luster, fødd 1996)

Kine har vore leiar i Fron Målungdom og har sete eit år som landsstyremedlem og eit som sentralstyremedlem. Ho går lektorprogrammet med tysk på UiO.

2. varaKristofer Olai Ravn Stavseng (Frå Stordal, fødd 1992)

Kristofer har vore aktiv NMU-ar sidan 2010, og skipa lokallaget i Ålesund året etter. Han sat i landsstyret før han vart vald inn i sentralstyret i 2012.

3. varaKarl Peder Mork (Frå Oslo, fødd 1993)

Karl Peder har vore aktiv i Katta MU og sat tre år i sentralstyret, to år som økonomiansvarleg og eitt som leiar. I dag er han leiar i SmiO og har vore 1. vara til valnemnda. Karl Peder tek master i musikkvitskap ved UiO.