Norsk Målungdom

Sentralstyret 2016-2017

LeiarSynnøve Marie Sætre (Frå Ørsta, fødd 1990)

Synnøve har NMU-erfaring sidan hausten 2011, då særleg frå Studentmållaget i Oslo og skriftstyret for Mål og makt. Ho har gått på lektorprogrammet med nordisk og historie ved UiO, og tek no master i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Synnøve vart vald inn i sentralstyret i 2013.

NestleiarFredrik Hope (Frå Gloppen, fødd 1993)

Fredrik har bakgrunn frå både Firda Målungdom, Skibladner Målungdom og Studentmållaget i Bergen. I fyrst- og sistnemnde har han vore leiar, og han har også sete eit år i landsstyret. I 2014 vart han vald inn i sentralstyret. Fredrik er elles ein driven felespelar, og studerer retorikk ved UiO.

SkrivarKirsti Lunde (Frå Lom, fødd 1989)

Kirsti har NMU-erfaring sidan 2007, og vart aktiv i Studentmållaget i Nidaros i 2011. I 2012 var ho leiar for SmiN, og ho har også sete eit år i landsstyret. Kirsti har studert tysk og skriv no master i nordisk språk. Ho vart vald inn i sentralstyret i 2015.

ØkonomiansvarlegHans Rasmus Glomsrud (Frå Eidsberg, fødd 1993)

Hans Rasmus har NMU-erfaring sidan 2013. Då var han med på å skipe Østfold dialekt- og målungdom, der han var leiar i to år. Han har også sete eit år i landsstyret, og vart vald inn i sentralstyret i 2015. Hans Rasmus tek master i statsvitskap ved UiO.

SentralstyremedlemElise Tørring (Frå Lillesand, fødd 1994)

Elise har bakgrunn frå Studentmållaget i Oslo, der ho sat som nestleiar før ho vart valt inn i sentralstyret. Ho sat i landsstyret frå våren 2016, men gjekk inn i sentralstyret frå januar 2016. Elise tek lærarutdanning ved HiOA.

1. varaÅsmund Mikalsen Kvifte (Frå Osterøy, fødd 1992)

Åsmund har vore aktiv i Ås studentmållag i mange år, og han har sete i landsstyret i fire periodar før han vart valt inn som vara i sentralstyret i 2016.

2. varaKristofer Olai Ravn Stavseng (Frå Stordal, fødd 1992)

Kristofer har vore aktiv NMU-ar sidan 2010, og skipa lokallaget i Ålesund året etter. Han sat i landsstyret før han vart vald inn i sentralstyret i 2012.

3. varaJorunn Simonsen Thingnes (Frå Jølster, fødd 1990)

Jorunn vart aktiv i Studentmållaget i Oslo vinteren 2012–2013, og året etter vart ho SmiO-leiar. Ho vart vald inn i sentralstyret i 2014.