Norsk Målungdom

Personvern

Norsk Målungdom handsamar personopplysningar. Her kan du lese personvernerklæringa vår, som seier noko om korleis vi handsamar personopplysningar, og kva rettar du har.

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa handlar om korleis Norsk Målungdom handsamar personopplysningar. Det er skrivaren som har hovudansvar for å handsame personopplysningar på vegner av Norsk Målungdom. Viss du har spørsmål om personvern, eller vil rette eller slette personopplysningar om deg kan du ta kontakt med skrivaren på norsk@malungdom.no.

1. Vi lagrar desse personopplysningane

1.1. Medlemmar

Viss du er medlem hjå oss lagrar vi desse personopplysningane om deg: Namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer, fødeår og kjønn.

1.2 Deltakarar på tilskipingar

Viss du melder deg på ei tilskiping lagrar vi desse personopplysningane om deg: Namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer, fødeår, pårørandeinformasjon, og opplysningar om eventuelle allergiar eller andre relevante helseopplysningar. På nokre tilskipingar tek vi bilete av deltakarane.

1.3 Målgåvegjevarar

Viss du melder deg som målgåvegjevar lagrar vi desse personopplysningane om deg: Namn, adresse og eventuelt fødselsnummer.

1.4 Kundar

Viss du handlar i krambua vår, lagrar vi desse personopplysningane om deg: Namn, adresse, e-postadresse og kva du har kjøpt.

1.5 Klagarar

Viss du bruker oss til å klage på til dømes manglande nynorskversjon til eksamen eller mangel på nynorske lærebøker, lagrar vi desse personopplysningane om deg: Namn, e-postadresse og utdanningsstad.

2. Kvifor lagrar vi desse personopplysningane?

Formålet med å lagre desse personopplysningane er å kunne halde avtaler om medlemskap, eller andre avtaler du har gjort med oss. Det kan vere avtale om kjøp, eller avtale om at vi skal klage på vegner av deg. Vi har grunnlag for å handsame desse personopplysningane i personvernforordninga til EU, artikkel 6 (B).

Dersom du samtykker til det, bruker vi personopplysningane til å sende deg informasjon på e-post og SMS, nyhendebrev, medlemsblad og målgåveopprop. Du kan trekke samtykket ditt kva tid som helst. Viss du deltek på ei tilskiping i regi av Norsk Målungdom kan du samtykke til at vi lagrar relevante helseopplysningar om deg, som allergiar, og informasjon om pårørande. Du kan òg samtykke til at vi tek bilete av deg. Vi har grunnlag for å handsame slike personopplysningar i personvernforordninga til EU, artikkel 6 (A).

3. Innhenting av personopplysninga

Personopplysningane om deg som vi lagrar, har vi fått av deg, til dømes gjennom skjema på nettsidene våre.

4. Utlevering av personopplysningar

Vi kjem ikkje til å selje eller dele personopplysningar om deg til andre med mindre vi er rettsleg forplikta til det, eller viss vi er nøydde til å gjere det for å oppfylle ei avtale vi har med deg.

4.1 Medlemmar

Viss du er medlem hjå oss og samtykker til det, utleverer vi personopplysningar til nokre samarbeidspartnarar:

Medlemssys: Odin Hørthe-Omdal Urdland administrerer medlemsregisteret vårt.

Solidus CRM: Når du melder deg inn, skjer dette gjennom Solidus CRM. Dei handsamar medlemsinformasjonen du oppgjev og medlemspengane du betalar.

Google: Vi lagrer filene våre i Google Workspace.

Eurobate: Det er Eurobate som handsamar innbetalinga av medlemspengar med SMS. Dei handsamar telefonnummer.

Vipps: Ein kan betale medlemspengar, kjøpe tilfang eller gje målgåve med Vipps. Vipps handsamar telefonnummer, adresser og namn.

Merkur Grafisk: Det er Merkur Grafisk som trykker medlemsbladet vårt, Motmæle. Dei handsamar adresser.

Noregs Mållag: Moderorganisasjonen vår kan få innsyn i medlemslistene våre. Dagleg leiar og styret i Noregs Mållag kan be om innsyn i medlemslister for avgrensa geografiske område. Dessutan handsamar dei adresselister for å sende ut medlemsbladet Norsk Tidend til medlemmane våre som ynskjer det.

4.2 Deltakarar på tilskipingar

Vi lagrar lister over deltakarar i Google Workspace.

4.3 Målgåvegjevarar

Viss du melder deg som målgåvegjevar lagrar vi informasjonen om deg i medlemssys, som Odin Hørthe-Omdal Urdland administrerer. Viss du har gitt oss fødselsnummeret ditt og ønskjer skattefrådrag for gåva di, lagrer vi informasjon om deg hjå Solidus, som gir informasjon til Skatteetaten.

4.4 Kundar

Viss du handlar i krambua vår, lagrar vi informasjon om deg i rekneskapsprogram i Visma, der vi lagar faktura. Revisor har årleg tilgang til all informasjon i Visma.

4.5 Klagarar

Folk som klagar gjennom oss blir alltid anonymiserte når vi klagar vidare. Vi utleverer ikkje desse opplysningane til nokon, men lagrar dei i Google.

4.6 Leverandørar

Sender du oss ei rekning, til dømes reiserekning, lagrar vi informasjonen på den rekninga i Visma. Revisor har årleg tilgang til all informasjon i Visma.

5. Sletting og sikring av personopplysningar

Vi lagrar informasjon som vi er forplikta til å lagre etter bokføringslova i 5 år.

5.1 Medlemmar

Informasjonen som er lagra om deg er sikra med tilgangskontroll, passord, og lås på kontoret. Viss du melder deg ut av organisasjonen, lagrar vi informasjon om deg i 5 år, men anonymiserer deg i medlemsregisteret etter dette.

5.2 Deltakarar på tilskipingar

Deltakarlistene er sikra med tilgangskontroll og passord, og vi anonymiserer helseopplysningar. Vi slettar informasjon om pårørande og eventuelle helseopplysningar etter tilskipinga.

5.3 Målgåvegjevarar

Informasjonen om målgåvegjevarar er sikra med passord og tilgangskontroll. Viss du ikkje lenger vil vere målgåvegjevar slettar vi personopplysningane om deg så snart du melder frå.

5.4 Kundar

Informasjonen om deg er sikra med tilgangskontroll og passord. Vi slettar personopplysningane du har gitt oss etter 5 år.

5.5 Klagarar

Vi arkiverer informasjon om klaga, men anonymiserer all informasjon om klagene. Informasjonen er sikra med passord og tilgangskontroll.

6. Kva rettar har du?

Du kan kreve innsyn i kva personopplysningar vi har lagra om deg. Du kan kreve å flytte dei, du kan kreve at vi slettar dei, og du kan kreve at vi rettar på opplysningane viss dei er feil.

Vi handsamar personopplysningar etter personopplysningslova og gjeldande forskrifter.

Viss du meiner at vi ikkje handsamar personopplysningar etter lova, kan du klage til Datatilsynet.

Kontakt oss

Du kan kreve innsyn i kva personopplysningar vi har lagra om deg. Du kan kreve å flytte dei, du kan kreve at vi slettar dei, og du kan kreve at vi rettar på opplysningane viss dei er feil. Ta kontakt med oss for å be om innsyn, melde endringar eller viss du vil vi skal slette personopplysningane om deg frå registera våre.