Bladstyret
Avisa vert laga av bladstyret som vert sett ned av landsstyret kvar vår. Om du ikkje er medlem av Norsk Målungdom, men likevel vil ha Motmæle, kan du tinga bladet frå oss.
E-post: bladstyret@malungdom.no
Endre adresse?
Vil du ha Motmæle til ei anna adresse? Får du to nummer? Eller tykkjer du den digitale versjonen er så kjekk at du ikkje lenger vil ha Motmæle i postkassa?
Meld frå til oss!
Skrive for Motmæle
Motmæle er di avis, difor ynskjer vi at du skal vere med å lage ho. Kanskje du har lyst til å skrive ei bokmelding, ein artikkel om språkstoda i Irland, eller vil du skrive om det siste medlemsmøtet i lokallaget ditt? Vi veit at mange av medlemene våre er flinke til å skrive og har mykje på hjartet. Å skrive tekstar til Motmæle er god skrivetrening!
Send ein e-post til bladstyret@malungdom.no der du fortel om kva du ynskjer skrive om. Veit du ikkje heilt? Motmæle har sikkert eit oppdrag som høver for deg!
Ein Motmæle-tekst er vanlegvis på mellom 300 og 600 ord, avhengig av kva type tekst det er. Send gjerne med gode illustrasjonsbilete til teksten din.
Redd for at teksten din ikkje er bra nok? I Norsk Målungdom har vi heldigvis mange gode korrekturlesarar. Send inn teksten din i god tid før avisa går i trykken, slik at vi har tid til å gje deg konstruktive tilbakemeldingar.
Vi vil at Motmæle skal vere ei levande medlemsavis. Er ikkje artikkel sjangeren for deg, send inn bilete, eit dikt eller kanskje ei teikning?