Norsk Målungdom

Føresegner for medlemskap

Her kan du lese føresegnene for medlemskap i Norsk Målungdom.

Føresegner for medlemskap

Medlemskap i Norsk Målungdom er kvart kalenderår. Når du har betalt medlemspengane dine, er du å rekna som aktiv medlem i organisasjonen, og har medlemsrettar i tråd med lovene. Du kan når som helst melda deg ut, men har ikkje rett på attendebetaling av medlemspengar som du har betalt.

Kvart år blir medlemar fornya til neste år, og betalingsinformasjon blir send ut. Med mindre du vel å inngå autotrekk-avtale med Vipps eller AvtaleGiro, vil du ikkje bli trekt automatisk for neste medlemsår - du må sjølv aktivt velja å betala medlemspengar.

Dersom du ikkje lenger ønskjer å vera medlem av Norsk Målungdom sender du ein e-post til norsk@malungdom.no med namn og medlemsnummer. Medlemsnummeret finn du ved å logga inn på malungdom.hypersys.no eller på fakturaren for medlemspengar som du får på e-post.