- Absolutt fleirtal: Fleirtal med over helvta av røystene, ogso dei blanke.
- Akklamasjon: Å vedta noko ved å klappe for det, til dømes i røystinga.
- Brigde: Endring. Til dømes lovbrigde = endringar i lovene.
- Diktøskja: Plass ein leverer dikt eller anna moro som ordstyrarane les opp.
- Endringsframlegg: Framlegg til endring, til dømes til ei fråsegn. Skal skrivast i Google-skjema eller på anna måte ein får beskjed om i møte.
- Fråhalden: Når du korkje røystar for eller imot noko.
- Fråsegn: Eit politisk utspel. På sidemål: uttalelse eller resolusjon.
- Fullmaktsnemnda: Eit utval som ser over og godkjenner at dei som har fått røysterett faktisk skal ha det.
- GoPlenum: Digital portal vi bruker til røysting og for å teikne seg til innlegg, replikk og saksførehavinga.
- Innlegg: Vil du seia noko under møtet kan du teikne deg til eit innlegg. Ordstyrarane skriv deg opp og seier frå når det er din tur.
- Innstilling: Det endringsframlegget møtenemnda tilrår landsmøtet å røyste for. Ordstyrarane legg «nemndas innstilling til grunn» når me røyster. Dvs. at landsmøtet røyster om dei er samde eller usamde med nemnda si tilråding.
- Konsekvensbrigde: Endringar som skjer på grunn av ein annan endring. Som regel er det at paragrafane forskyver seg når ein sett inn ein ny paragraf.
- Landsmøteføresegner: Reglane for landsmøtet.
- Landsstyret: Det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Har fem møte i året, og vedtar mellom anna fråsegner og dialektprisen.
- LST: Kortform for landsstyret.
- Møtebok: Oppritet (referatet) frå landsmøtet.
- Møtenemnd: Arbeidsgrupper som går gjennom dei innkomne endringsframlegga, og gjer innstillingar på dei slik at det går raskare på søndagen.
- Møteskrivar: Dei som sit og skriv møteboka. Dei skriv ned kva vedtak som blir gjort, og kva som blir sagt i ordskiftet.
- NMU: Kortform for Norsk Målungdom
- Observatør: Deltakarar på landsmøte som ikkje har røysterett.
- Omframt: Oftast i rekneskapen: ting ein ikkje rekna med skulle skje. Ekstraordinært.
- Ordstyrar: Dei som styrer ordet og held oversyn over kven som skal prate når.
- Replikk: Ein kort kommentar til det som nettopp er blitt sagt. Ein kan berre teikne replikk på eit innlegg.
- Røystelikskap: Når det er like mange røyster for og imot.
- Røysting: Når ein skal røyste/stemme over noko, til dømes endringar i lovene.
- Saksopplysning: Viss det er behov for å komma med oppklaringar i ei sak.
- Sentralstyret: Dei som gjer det daglege organisatoriske og politiske arbeidet i NMU.
- Sette-: Vikar. Til dømes setteskrivar om ein skrivar ikkje er til stades.
- Skrivarstova: Kontoret til NMU og Noregs Mållag i Oslo.
- SST: Kortform for sentralstyret.
- STA: Samrøystes tilrådd avvist. Møtenemnda er heilt einige i at dei ikkje tilrår landsmøtet å røyste for dette endringsframlegget.
- STV: Samrøystes tilrådd vedteke. Møtenemnda er heilt einige i at det er dette endringsframlegget dei tilrår landsmøtet å vedta.
- Strek blir sett: Når strek er sett går det ikkje an å teikne seg til fleire innlegg.
- Svarreplikk: Ein replikk frå den som hadde innlegg, om nokon teikna seg til replikk på innlegget.
- TA: Tilrådd avvist. Fleirtalet i møtenemnda (men ikkje alle) tilrår å ikkje røyste for dette.
- Teljekorps: Folk som skal telja kor mange som røyster for og mot viss det er jamnt.
- Til saksførehavinga: Viss ein har innspel til køyreplan, røysting eller andre ting rundt gjennomføringa av møtet teiknar ein seg til saksførehavinga. Ofte kalla til forretningsorden eller til dagsorden på sidemål.
- Tufta: Det politiske grunnlagsdokumentet, eller prinsipprogrammet.
- TV: Tilrådd vedteke. Fleirtalet i møtenemnda (men ikkje alle) tilrår å røyste for dette.
- Utsending: Deltakar på landsmøtet som har røysterett.
- Valnemnda: Dei som føreslår kven som skal sitja i sentral- og landsstyret.
- Vanleg fleirtal: Når det er fleire røyster for enn imot. Då tel ein ikkje dei blanke eller fråhaldande røystene.