Norsk Målungdom

Landsmøteordliste

På eit landsmøte møter vi mange nye ord og omgrep. Her er ei liste over dei, til glede for gamle og nye utsendingar.

Absolutt fleirtal: Fleirtal med over helvta av røystene, ogso dei blanke.

Akklamasjon: Å vedta noko ved å klappe for det, til dømes i røystinga.

Brigde: Endring. Til dømes lovbrigde = endringar i lovene.

Diktøskja: Plass ein leverer dikt eller anna moro som ordstyrarane les opp.

Endringsframlegg: Framlegg til endring, til dømes til ei fråsegn. Skal skrivast i Google-skjema eller på anna måte ein får beskjed om i møte.

Fråhalden: Når du korkje røystar for eller imot noko.

Fråsegn: Eit politisk utspel. På sidemål: uttalelse eller resolusjon.

Fullmaktsnemnda: Eit utval som ser over og godkjenner at dei som har fått røysterett faktisk skal ha det.

GoPlenum: Digital portal vi bruker til røysting og for å teikne seg til innlegg, replikk og saksførehavinga.

Innlegg: Vil du seia noko under møtet kan du teikne deg til eit innlegg. Ordstyrarane skriv deg opp og seier frå når det er din tur.

Innstilling: Det endringsframlegget møtenemnda tilrår landsmøtet å røyste for. Ordstyrarane legg «nemndas innstilling til grunn» når me røyster. Dvs. at landsmøtet røyster om dei er samde eller usamde med nemnda si tilråding.

Konsekvensbrigde: Endringar som skjer på grunn av ein annan endring. Som regel er det at paragrafane forskyver seg når ein sett inn ein ny paragraf.

Landsmøteføresegner: Reglane for landsmøtet.

Landsstyret: Det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Har fem møte i året, og vedtar mellom anna fråsegner og dialektprisen.

LST: Kortform for landsstyret.

Møtebok: Oppritet (referatet) frå landsmøtet.

Møtenemnd: Arbeidsgrupper som går gjennom dei innkomne endringsframlegga, og gjer innstillingar på dei slik at det går raskare på søndagen.

Møteskrivar: Dei som sit og skriv møteboka. Dei skriv ned kva vedtak som blir gjort, og kva som blir sagt i ordskiftet.

NMU: Kortform for Norsk Målungdom

Observatør: Deltakarar på landsmøte som ikkje har røysterett.

Omframt: Oftast i rekneskapen: ting ein ikkje rekna med skulle skje, eller som i haust då vi hadde omframt landsmøte.

Ordstyrar: Dei som styrer ordet og held oversyn over kven som skal prate når.

Replikk: Ein kort kommentar til det som nettopp er blitt sagt. Ein kan berre teikne replikk på eit innlegg.

Røystelikskap: Når det er like mange røyster for og imot.

Røysting: Når ein skal røyste/stemme over noko, til dømes endringar i lovene.

Saksopplysning: Viss det er behov for å komma med oppklaringar i ei sak.

Sentralstyret: Dei som gjer det daglege organisatoriske og politiske arbeidet i NMU.

Sette-: Vikar. Til dømes setteskrivar om ein skrivar ikkje er til stades.

Skrivarstova: Kontoret til NMU og Noregs Mållag i Oslo.

SST: Kortform for sentralstyret.

STA: Samrøystes tilrådd avvist. Møtenemnda er heilt einige i at dei ikkje tilrår landsmøtet å røyste for dette endringsframlegget.

STV: Samrøystes tilrådd vedteke. Møtenemnda er heilt einige i at det er dette endringsframlegget dei tilrår landsmøtet å vedta.

Strek blir sett: Når strek er sett går det ikkje an å teikne seg til fleire innlegg.

Svarreplikk: Ein replikk frå den som hadde innlegg, om nokon teikna seg til replikk på innlegget.

TA: Tilrådd avvist. Fleirtalet i møtenemnda (men ikkje alle) tilrår å ikkje røyste for dette.

Teljekorps: Folk som skal telja kor mange som røyster for og mot viss det er jamnt.

Til saksførehavinga: Viss ein har innspel til køyreplan, røysting eller andre ting rundt gjennomføringa av møtet teiknar ein seg til saksførehavinga. Ofte kalla til forretningsorden eller til dagsorden på sidemål.

Tufta: Det politiske grunnlagsdokumentet, eller prinsipprogrammet.

TV: Tilrådd vedteke. Fleirtalet i møtenemnda (men ikkje alle) tilrår å røyste for dette.

Utsending: Deltakar på landsmøtet som har røysterett.

Valnemnda: Dei som føreslår kven som skal sitja i sentral- og landsstyret.

Vanleg fleirtal: Når det er fleire røyster for enn imot. Då tel ein ikkje dei blanke eller fråhaldande røystene.

Zoom: Videoteneste vi har møte i. Sånn at vi kan prate og sjå kvarandre.