Norsk Målungdom

Vervekampanje

Vervekampanjen 2018 er over.

Registrer verving

Ferdig.

Gjer ein skilnad for målsaka! Verv vener, sysken, klasse- eller studiekameratar og andre kjende. Slik kan DU gjere Norsk Målungdom til ein større og sterkare organisasjon. Det er på den måten me kan få endå meir gjennomslag for god språkpolitikk og meir nynorsk i kvardagen.

Lokallagskonkurranse

Kva lokallag vervar flest? Studentmållaga kjempar om den gjæve vandregralen. Dei tre beste elevmållaga vinn jakkemerke med sin eigen logo.

Lokallaget ditt får utteljing for kvar ny medlem som vert verva av nokon i laget. Det vil seie at den du vervar, både gjev utteljing for deg som einskildmedlem når det gjeld kva vervepremiar du kan få, og for laget ditt i kampen mot dei andre lokallaga eller studentmållaga.

Eit døme: 24. august vervar Ivar Aasen, medlem i Ørsta Elevmållag, Hulda Garborg på stand på storefri. Ivar oppmodar Hulda til å melde seg inn med SMS. Ho finn fram mobilen og sender «NMU100 Hulda Garborg+1862+huldagarborg@nynorsk.no+Knudaheio+4342 Undheim+Ivar Aasen» til 2090. Denne vervinga gjev utteljing både til Ørsta Elevmållag og Ivar sjølv, så lenge Hulda hugsar å skrive inn både fødeår og postnummer.

Vervepremiar

Innspurtsvekepremie

Alle som vervar mellom 17. og 23. september får ei rumpetaske! Innspurtsvekepremien får du i tillegg til vervepremien du ville fått elles.

Verv 1

Nyfiken-handlenett

Verv 2

Mangfald-kaps

Verv 3

Miljøkopp

Verv 5

Genser

Verv 7

NMU-sekk

Verv 10

Straumbank

Verv 15

2 festivalpass til ein nynorskfestival

Vervetoppen

Elevmållagsvervetoppen

Fron Målungdom: 8 vervingar

Målungdommen i Telemark: 8 vervingar

Katta Målungdom: 8 vervingar

Vågen Elevmållag: 7 vervingar

Voss Målungdom: 4 vervingar

Søre Sunnmøre Målungdom: 4 vervingar

Sogndal Målungdom: 3 vervingar

Haugalandet Målungdom: 3 vervingar

Sumarøyo Målungdom: 2 vervingar

NMU Ålesund og omland: 1 verving

Firda Målungdom: 1 verving

Sandefjord Elevmållag: 1 verving

Indre Sunnfjord Målungdom: 1 verving

Studentmållagsvervetoppen

Studentmållaget i Agder: 17 vervingar

Studentmållaget i Nidaros: 16 vervingar

Studentmållaget i Bergen: 12 vervingar

Studentmållaget i Oslo: 12 vervingar

Studentmållaget i Volda: 7 vervingar

Studentmållaget i Tromsø: 3 vervingar

Ås studentmållag: 1 verving

Oppdatert 24.09. Konkurransen er avslutta. Gratulerer til vinnarane!

Ressurspakka

Her kan du få tips til korleis du og lokallaget ditt kan hamne på toppen av vervetoppen!