Norsk Målungdom

Om bidragsytarane

Desse har bidrege med tekstar til kampanjen Nynorsk Myteknusar.

Eline Bjørke har skrive om nynorskmyten det er unormalt med fleire språk i eitt land Eline er skrivar i Norsk Målungdom. Før det var ho leiar i Studentmållaget i Nidaros.

Fredrik Hope har skrive om nynorskmyten nynorsk byggjer på arrogant nasjonalisme. Fredrik er leiar i Norsk Målungdum. Før det har han sete i sentralstyret som økonomiansvarleg og nestleiar, og vore aktiv i lokallaga Firda Målungdom, Mjøsa Målungdom og Studentmållaget i Bergen.

Kirsti Lunde har skrive om nynorskmyten nynorsk er vanskeleg(are) enn bokmål. Kirsti var skrivar i Norsk Målungdom frå 2015 til 2017. Før det var ho leiar i Studentmållaget i Nidaros.

Karl Peder Mork har skrive om nynorskmyten nynorsk er eit språk for Vestlandet. Karl Peder var leiar i Norsk Målungdom frå 2014 til 2015. Før det sat han i sentralstyret som økonomiansvarleg. Frå 2016 til 2018 var han leiar i Studentmållaget i Oslo.

Håkon Remøy har skrive om nynorskmyten nynorsken er basert på éi dialekt. Håkon har sete i landsstyret i Norsk Målungdom, og han har vore styremedlem i Studentmållaget i Bergen.

Stein Olav Romslo har skrive om nynorskmyten nynorsk passar berre i dikt. Stein Olav har sete i landsstyret til Norsk Målungdom, og har vore styremedlem og økonomiansvarleg i Studentmållaget i Nidaros.

Øystein Sandve har skrive om nynorskmyten nynorsk er eit konstruert språk. Øystein har sete i landsstyret til Norsk Målungdom, og har vore styremedlem i Studentmållaget i Bergen.

Gunnhild Skjold har skrive om nynorskmyten nynorsk er eit språk for bondeknølar eller kultureliten. Gunnhild er leiar i Studentmållaget i Tromsø, og sit i landsstyret til Norsk Målungdom.

Vebjørn Sture har skrive om nynorskmytane nynorsk er eit lite språk og nynorsken døyr snart ut. Vebjørn var leiar i Norsk Målungdom frå 2012 til 2014. Før det sat han i sentralstyret i flerie år, både som økonomiansvarleg og nestleiar.

Kine Gjertrud Svori har skrive om nynorskmyten nynorsk er berre eit språk du lærer på skulen og ikkje får bruk for seinare. Ho har vore sentralstyremedlem i Norsk Målungdom. Før det var ho leiar i Fron Målungdom.

Synnøve Marie Sætre har skrive om nynorskmyten nynorsk er dyrt. Synnøve Marie var leiar i Norsk Målungdom frå 2015 til 2017. Før det var ho sentralstyremedlem og skrivar. Ho har vore styremedlem i Studentmållaget i Oslo.

Takk for bidraga!