Norsk Målungdom

Vinterleir på Eina 2024

Frå 19. til 21. januar 2024 på Skogstad leirstad på Eina på Toten
Meld deg på!

Praktisk

Kvar: Skogstad leirstad på Eina på Toten
Når: 19. til 21. januar 2024
Pris: 150 kr (påmelding før 31. desember 2023), 300 kroner (påmelding etter 1. januar 2024).
Reise: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Pakkeliste:

  • toalettsaker
  • handkle
  • varme klede
  • ski, viss du vil gå på ski (sjekk vêrmeldinga)
  • akebrett
  • eit spel eller aktivitet du vil ha med

Reiseruter

I år skal vinterleiren vere på Eina på Toten.

Leirstaden ligg 500 meter frå togstasjonen, så det enklaste og billegaste for dei som bur i nærleiken av ei togline, er å ta toget. Ting billettar så tidleg som mogleg, og kjøp miniprisbillettar viss det er.

For folk som bur verkeleg langt vekke frå Eina (Nord-Noreg, til dømes), kan det henda fly er einaste fornuftige reisemåte mtp. tidsbruk og reisebelastning. Ved bruk av fly tilrår me å kryssjekka prisar på Widerøe, SAS og Norwegian.

Merk: Me dekkjer i utgangspunktet berre billegaste reisemåte. Om du vil nytte noko anna, må du avtale det med skrivarstova.

Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller noko anna, ta kontakt med skrivar Emma H. Pedersen på e-post norsk@malungdom.no eller telefon 97342864.


Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.