Organisasjon

Norsk Målungdom er den einaste nynorskorganisasjonen for ungdom. Me arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrka dialektane. Me arbeider for at nynorsk skal verta meir synleg i media, skulekvardagen og i lokalsamfunnet. Me arbeider for språkleg mangfald og språklege rettar.

Landsstyret

Landsstyret er det øvste organet i Norsk Målungdom mellom landsmøta. I perioden 2010-2011 sit det i tillegg til leiaren i NMU i landsstyret. Alle i landsstyret er valde for eitt år. Les meir »

Sentralstyret

Sentralstyret står for den daglege drifta av organisasjonen. Dei som sit i sentralstyret er valde av landsmøtet for eitt år av gongen. Sentralstyret har sju faste medlemer og tre varamedlemer. Sentralstyret held til i Oslo og møtast éin gong i veka. Les meir »

Skrivarstova

Skrivarstova står for den dag-til-dag-oppgåvene i organisasjonen. Medlemsregister, telefon og ein heil del andre ting. Det er òg samlingskontoret for dei vekentlege SST-møta. Les meir »

Landsmøte

Landsmøtet er det høgste organet i NMU. I år skal landsmøte vera på Voss 23.-25. mars. Les meir »

Lovene til NMU

Frå §1 til §43. Desse gjeld for alle NMU sentralt, men er òg utgangspunkt for lokallaga sine lover. Les meir »

Soga åt NMU

Rørsla av organiserte unge målfolk er mykje eldre enn samskipnaden Norsk Målungdom, som vart skipa i 1961. Dette er eit oversyn over merkeår og hendingar i målungdomssoga. Les meir »

Motmæle

Motmæle er medlemsavisa til Norsk Målungdom. I avisa finn du politiske og organisatoriske nyhende som er aktuelle for NMU, og artiklar og reportasjar knytte til språk og ideologi. Alle er velkomne til å skriva for Motmæle.