Å senda ungdomen/-ane din(e) avgarde på eiga hand kan kjennast skummelt ut - kanskje særleg fyrste gongen. Me vil understreka at me tek ei rekkje forholdsreglar for at det skal vera trygt å reisa på ei samling i regi av Norsk Målungdom:
- Me har alltid ansvarlege vaksne tilstades på alle tilskipingar.
- Alle som melder seg på ei tilskiping i regi av NMU, får på førehand tilsendt informasjon der det mellom anna vert opplyst kven som har det praktiske ansvaret for tilskipinga, og korleis dei kan kontaktast - både før avreise og undervegs.
- På tilskipingane våre får nokon i sentralleddet delegert ansvar som kontaktperson for deltakarane, i fall nokon skulle ha behov for å snakka med nokon eller spørja om noko særskilt.
- Me har absolutt alkoholforbod på alle tilskipingar.
- Når fleire frå same område skal reisa på den same tilskipinga, prøver me å organisera felles avreise så langt det passar for dei enkelte deltakarane.
- Me organiserer sovesalane slik at deltakarane sjølv kan velja om dei vil sova på blanda rom eller på reine gute-/jenterom.
- Me har alltid med oss bil på tilskipingane våre, mellom anna i fall det skulle oppstå behov for å frakta nokon raskt til legevakt eller liknande.
- Før ei komande tilskiping går me gjennom og fyller ut ein standard vernebuingsplan som er til for å minimera sannsynet for at alvorlege situasjonar skal oppstå, og samstundes fungera som ein handlingsplan i fall noko alvorleg skulle skje. Denne planen ligg tilgjengeleg for nedlasting nedst på denne sida.
Til slutt vil me presisera at me sjølv kjenner oss veldig trygge på samlingar i Norsk Målungdom, og at deltakarane - bank i bordet - har kome heile heim så lenge me kan hugsa. Forholdsreglane våre er såleis fyrst og fremst førebyggjande, for å hindra at noko skal skje, og for å vera førebudde i tilfelle noko skulle skje. Dersom det er noko du lurer på som du ikkje fekk svar på her, så oppmodar me deg om å kontakta oss (23 00 29 40 / skriv@nynorsk.no).
Standard tryggleiks- og vernebuingsplan for tilskipingar i Norsk Målungdom (72.7 KB)