Norsk Målungdom

Velkomen til Norsk Målungdom

Bli medlem!

Kven er me?

Me er ein landsdekkjande ungdomsorganisasjon som jobbar for nynorsk, dialektar og språkmangfald.

Me arbeider for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, for å take vare på det språklege mangfaldet og å styrkje dei språklege rettane.

Me har rundt 1200 medlemar og har lokallag over heile landet. Bli med i eitt av dei i dag!

Kva meiner me?

Språk i skulen

Me arbeider for å betre undervisninga i nynorsk både som hovudmål og sidemål, og for at lærarutdanningane skal gje studentane sine betre opplæring i nynorsk.

Språklege rettar

Me må ha eit lovverk som stør opp om det språklege mangfaldet. Me seier frå når nokon bryt språklova og jobbar for at fleire skal fylgje lovverket.

Kva skjer framover?

2024

Betala medlemspengar?

Du kan melda deg inn ved å fylla ut dette skjemaet.

Elles kan du sende NMU + namn + fødeår + postadresse + e-post til 2090 (50 kr)

Viss du allereie er medlem og vil betala medlemspengane for i år, kan du vipse 50 kr til Norsk Målungdom (#22472). Du kan få faktura i posten om du heller vil bruke det, eller om Vipps ikkje fungerer for deg.

Kva gjer me?

Målferd

Kvart år vitjar me over 60 skular og held føredrag om nynorsk, norsk målsoge og haldningar til språk. Her kan du lese meir om målferd.

Påverknad

Me arbeider tett med politiske organisasjonar og styringsorgan slik at dei fattar fornuftige vedtak om språk.

Organisasjon

Hjå oss skal alle få bidra, lære noko og ha det moro. Me skipar kvart år til vinterleir og haustkonferanse. Me gler oss til å møte deg der!

Gåve?

Me er avhengige av stabil økonomi for å få frie hender til politisk arbeid. Gode målfolk har i årevis stødd oss med målgåver, og det kjem godt til nytte.

Har du lyst til å gje målgåve? Vipps ei pengegåve til vippsnummer #22472, eller registrer deg i dette skjemaet for å få giro i posten tre gongar i året.

Viss du gjev 500 kroner eller meir i gåve, kan du få skattefrådrag.

Registrer deg!