Nynorsk
Me arbeider i hovudsak for nynorsk. Det norske skriftsspråket bygd på alle dialektane i heile Noreg. Språket for heile landet, og ikkje berre ei maktkjerne på austlandet.
Les meir om nynorsk.
Me arbeider i hovudsak for nynorsk. Det norske skriftsspråket bygd på alle dialektane i heile Noreg. Språket for heile landet, og ikkje berre ei maktkjerne på austlandet.
Les meir om nynorsk.
Nynorsken har sitt utspring i fellesnemnaren for alle dialektane og foreiner dei alle i eit felles skriftsspråk. Me jobbar for at folk skal kunna tala dialekten sin der dei vil.
Les meir om dialektane.
Sidemålsundervisninga er alt for dårleg, me vil ha ho massivt betra. Det er viktig at alle lærer å lesa og skriva nynorsk slik at dei iallfall kan ha eit flik av eit reelt val mellom skriftspråka våre.
Les meir om sidemål
Me treng fleire medlemer, og vil ha deg med på vervinga! Les meir på vervekampanjesidene.
Årets sommarleir er 10.-15. juli i idylliske Sogn og Fjordane. Meld deg på allereie i dag! Les meir »
Landsmøtet i Norsk Målungdom har i dag valt Vebjørn Sture (24) frå Stavanger til ny leiar. Ny nestleiar er Johanne Marie Kydland Torvund (20) frå Ogna på Jæren, medan Anne Straume (19) frå Fyresdal/Oslo er ny skrivar/dagleg leiar. Som økonomiansvarleg troppar Karl Peder Mork (19) frå Oslo på, medan Kristofer Olai Ravn Stavseng (19) frå Stordal på Sunnmøre er ny sentralstyremedlem. Les meir om sentralstyret. Du kan også sjå oversynet over kven som sit i det nye landsstyret.
Landsmøtet har også handsama ei rekkje viktige saker, mellom anna ei heilt ny tuft for organisasjonen. NMU har også fått nytt arbeidsprogram, og vedteke fleire fråsegner. Me kjem tilbake med meir informasjon utover kvelden og morgondagen – fylg med!
Les pressemelding om ny leiar her
Vil du vera med i NMU? Send kodeord NMU og namn, e-post og fødeår til 2090 (kr. 50,-). Eller bruk skjemaet under. :)
Send kodeord MEDLEMSPENGAR til 2090 (kr 70,-). Medlem i Studentmållaget i Oslo, må bruka kodeord SMIO til 2090 (115,-).
Føretrekkjer du nettbank? Set inn kroner 70/115 på kontonr 3450.65.48618 og merk betalinga med namnet ditt.
Usikker på om du har betalt? Kontakt skrivarstova.
Pressmelding 16.03.12: Framtid, fornying og saker med språkpolitisk tyngd står på programmet når Norsk Målungdom samlar seg til landsmøte på Voss helga 23.-25. mars. Les pressemeldinga »
– Meir og betre sidemålsundervisning gjer at elevane lærer meir og får betre haldningar, skriv NMU-leiar Janne Nygård, i samband med at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil kutta i sidemålsopplæringa. Les meir »
Pressemelding 22.12.2011: Skiløparen Therese Johaug er tildelt Dialektprisen for 2011. – Ho har gjort dialekten frå Dalsbygda til ein del av varemerket sitt og er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom. Les pressemeldinga her.
Pressemelding: Norsk Målungdom lanserer i dag Nynorsk digitaldugnad. Vi ønskjer å leggje til rette for at kven som helst skal kunne bidra i arbeidet med å nynorskifisere den digitale verda. Les heile saka.
Me arbeider framleis for å få nynorsk inn i nettavisene. Her kan du lese kvifor, og sjekk ut nynorskvg og nynorskdb.
– Når Kulturdepartementet legg opp til å krevje norsk teksting av filmar som får statsstøtte, er det openbart at kravet må omfatte teksting på både nynorsk og bokmål, seier Janne Nygård (21), leiar i Norsk Målungdom. Les meir.