Norsk Målungdom

Nynorskelevar treng lærarar som kan nynorsk!

Nynorskkommunar må etterspørje nynorskkompetanse når dei søkjer etter nye lærarar

, Landsstyret

Norske elevar bør kunne forvente å få lærarar som meistrar språket sitt. På mange nynorskskular kan ikkje elevar og føresett sjå dette som sjølvsagt, sidan kommunane ikkje eksplisitt etterspør nynorskkompetanse når dei søkjer etter nye lærarar. Landsstyret i Norsk Målungdom krev at kommunar med nynorske skular får nynorsk inn i stillingsannonsene, og sikrar at elevane får kompetente lærarar.

Når kommunar søkjer etter nye lærarar, er det mange omsyn å take. Kva fag treng ein på dei ulike skulane, kva arbeidsoppgåver høyrer til stillinga og kva kvalifikasjonar er ynskeleg? Likevel er det ein kjernekompetanse som ofte vert gløymt når ein lyser ut stillingar på nynorskskular: Nynorskkompetansen.

Konsekvensen av at ein ikkje eksplisitt spør etter nynorskkompetanse i stillingsannonsene, kan vere alvorlege. Det som ikkje er nemnd, vert ofte gløymd og i verste fall kan ein tilsetje lærarar som skal undervise nynorskelevar som sjølv ikkje meistarar nynorsk. Det nynorskundervisinga på mange lærestadar er ofte dårleg eller totalt fråverande. Mange lærarstudentar vert utdanna utan å ha lært anna nynorsk enn det dei lærte i sidemålsundervisinga på vidaregåande og på ungdomsskulen – sjølv om dei skal kunne undervise over heile landet, både i nynorsk- og bokmålsområde . Det hadde vore gale nok om sidemålsundervisinga dei fekk der var god, men all røynsle tyder på at denne undervisinga mange stader ikkje er mykje å skryte av.

Det er difor ikkje særleg usansynleg at mange nynorskelevar i dag har lærarar som ikkje meistrar språket deira. Om kommunar med nynorskskular legg til ei setning i stillingsannonsene sine, kan dei vere med å bøte på desse utfordringane: «Dette er ein nynorskskule, og ved elles slike kvalifikasjonar vert søkjarar med nynorskkompetanse prioritert over søkjarar utan slik kompetanse.»

Synleggjering av at nynorskkompetanse er nyttig og trengst i skule-Noreg, vil gje mange positive effektar. Lærestadane fylgjer med på stillingsannonsene, og freistar å gje lærarstudentane den kompetansen skulane ber om. Lærarstudentar vil sjå at nynorsk opnar for fleire jobbar, og få ekstra motivasjon til å lære seg språket sikkeleg. Og sansynet aukar for at nynorskelevane får kompetente lærarar.

Ei lita setning kan gjere stor skilnad for nynorsken og elevane. Difor krev landssstyret i Norsk Målungdom at kommunar med nynorskskular søkjer etter og prioriterer lærarar med nynorskkompetanse.