Norsk Målungdom

Standard målfararbrev

Tilbod om målferd

Gode norsklærarar!

Kvar vinter, vår og haust reiser Norsk Målungdom (NMU) på ein føredragsturné som vi kallar målferd til ungdoms- og vidaregåande skular over heile landet. No skal vi ut på ein ny runde, og i samband med det lurar vi på om de er interesserte i å ha vitjing av oss.

Ein målfarartime er eit føredrag der utgangspunktet er den språkstoda vi har her i landet. Målet med timen er å skape ordskifte og refleksjon kring emne som har med bokmål og nynorsk å gjere. Føredraget inneheld to bolkar. I den fyrste bolken tek vi føre oss språkhaldningar og språkvalsmekanismar, og fokuserer på kva som påverkar dei språklege vala vi tek. I den andre bolken tek vi føre oss språksoga frå gamalnorsk tid og fram til i dag, og ser på bakgrunn og årsaker til den språkstoda vi har i dag. Gjennom føredraget vekslar vi mellom det å snakka for og med elevane, det vil seie at vi stiller dei spørsmål undervegs i føredraget. På slutten av timen er det høve for elevane å kome med spørsmål og kommentarar.

NMU er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og arbeider for nynorsk og dialektar. Den viktigaste utetterretta delen av arbeidet vårt er målferdene. Dei siste åra har målfararar frå NMU fare rundt på skular og halde føredrag i norsktimane på skular over heile landet. Førre skuleår tala vi på kring 60 skular, og denne hausten skal vi ut på ein ny runde på vidaregåande skular over heile landet. Vi får som oftast gode attendemeldingar frå både lærarar og elevar, som tykkjer det er lærerikt og inspirerande å ha oss på vitjing.

Førebuing

Føredraga er lagde opp med tanke på elevar med liten kjennskap til språksoga, og førebuing er difor ikkje naudsynt.

Organisering

Vi legg opp eit føredrag på to timar, og vi kan ha ein eller fleire klassar samla. Røynslene våre er at føredrag for éin klasse om gongen gjev best resultat, og at eit totimars-føredrag gjev større utbyte enn éintimes-føredrag. Då vert det nemleg betre tid til ordskifte og spørsmål etter føredraget. Målfararen treng ikkje andre hjelpemiddel enn krit og tavle.

Kostnader

Målfararane våre er ungdomar mellom 18 og 25 år som held føredraga på friviljug basis. Det hadde vore særs fint om skulen kunne dekkje utgifter i samband med reisa, men det er ikkje noko vilkår. Vi sender eit brev etter vitjinga for å høyre om de har høve til å dekkje noko.

Føredrag på dykkar skule

DATO X har vi har sett opp målferd til SKULE X. Vi skal nå over mange skular, og vonar difor denne datoen høver. Om ikkje, kan de ta kontakt med oss, så skal vi sjå om vi kan finne ein ny dato. Vi vonar skulen vil ta imot oss!

Om de har spørsmål, kan de ringje 23 00 29 40. Det er fint om de kan ta kontakt med oss så snøgt som råd og melde frå om de er interesserte, og eventuelt om datoen vi har gjort framlegg om høver. Dersom vi ikkje høyrer noko frå dykk, kjem vi til å ta kontakt med dykk for å stadfeste avtalen.

Beste helsing,

NORSK MÅLUNGDOM