Norsk Målungdom

Vinterleiren 2023

Frå 27. til 29. januar 2023 på Fossheim i Aurskog-Høland
Meld deg på!

Vinterleiren 2023

Praktisk

Kvar: Fossheim leirstad på Fosser i Aurskog-Høland
Når: 27. til 29. januar
Pris: 500 kr i eigendel
Reise: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.


Reiseruter

I år skal vinterleiren vere på Fossheim på Fosser.

Leirstaden ligg 6 mil austover frå Oslo, i Aurskog-Høland kommune. Det er ein time å køyre frå Oslo, om lag 45 minutt frå Lillestrøm.

Til Fosser kjem du enklast med buss 480 frå Lillestrøm (50 min). Frå busstoppet på Fosser må du gå 700 meter til leirstaden.

Til Lillestrøm kjem du deg anten med buss eller tog frå Oslo, med flytoget frå Gardermoen, eller med tog om du kjem nordfrå.

Merk: Me dekkjer i utgangspunktet berre billegaste reisemåte. Om du vil nytte noko anna, må du avtale det med skrivarstova.

Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller noko anna, ta kontakt med skrivar Jógvan Helge Gardar på e-post jogvan@malungdom.no eller telefon 95078818.


Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.