Norsk Målungdom

Nynorskdagen 2023

Etter fjorårets suksess med ein nasjonal markeringsdag for nynorsk, vil Norsk Målungdom og Noregs Mållag nok ein gong invitere alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai.

Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget eit historisk vedtak. Då vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål gjennom «jamstillingsvedtaket». Dagen kallar me nynorskdagen, og vi vonar alle medlemene og lokallaga våre vil vere med på å spreie ordet. Målet er å få sjå litt meir nynorsk rundt oss, særskilt på plassar der vi vanlegvis ikkje ser han.

I 2022 fekk vi til dømes nynorsk frå Rema 1000, Gjensidige, DNB, Olje og energi-departementet, Miljødirektoratet, FRI og mange fleire som vanlegvis ikkje brukar nynorsk.

Nynorsk er for alle!

Nynorsk er eit nasjonalt språk som alle i Noreg lærer i skulen. Målet vårt er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og elles å vise fram det flotte språket og organisasjonane våre.

Korleis markerer vi dagen?

Skriv nynorsk på nynorskdagen

Noregs Mållag og Norsk Målungdom har sendt direkte utfordringar til statlege verksemder, politiske parti, frivillige organisasjonar, aviser og andre om å skrive nynorsk denne dagen. Dessutan har me sendt ei eiga oppmoding til barne- og ungdomsskular om å nytte nynorskdagen i undervisninga.

Sosiale medium

I sosiale medium brukar vi emneknaggen #nynorskdagen. Vi kjem til å sende ein «skriv nynorsk»-penn til nokre av dei som tek utfordringa for fyrste gong.

Tips:

– Kven vil du invitere til å skrive nynorsk? Tenk på lokale verksemder, organisasjonar, kommunen, offentlege personar, vener og slekta – Skriv «Eg skriv nynorsk på #nynorskdagen» på Twitter, Facebook eller Instagram – Lik eller del nynorsk der du ser han – Skriv nynorsk, les nynorsk, eller syng ein nynorsk song – Kjøp ei vare på nynorsk – Vi kan ynskje kvarandre til lukke med nynorskdagen

Vi ynskjer alle ein god nynorskdag!

Lurer du på noko? Ta kontakt med