Norsk Målungdom

Vervekampanje

15. august til 11. september går vervekampanjen 2022 føre.

Verv ein venn!

Om vervekampanjen

Gjer ein innsats for målsaka! Verv vener, sysken, klasse- eller studiekameratar og andre kjende. Slik kan DU gjere Norsk Målungdom til ein større og sterkare organisasjon. Det er på den måten me kan få endå meir gjennomslag for god språkpolitikk!

Kampanjen varer frå 15. august til 11. september, og om du vervar nokon i denne perioden, samlar du vervepoeng. Kvar verving gjev eitt vervepoeng Dei kan du bruke til å handle premiane du ser på sida her!

Korleis verve?

Det er to måtar å verve på: Nettsida og SMS. Medlemspengane må vere betalt for at vervinga skal bli gjeldande.
- Nettsida: Be personen du vervar om å melde seg inn her. Der kan ein mellom anna betala automatisk med Vipps. Om du som fyller ut skjemaet ikkje skal betala medlemspengane, vel "Papirfaktura". Om skjemaet ikkje funkar, bruk SMS i staden:
- SMS: Be personen du vervar om å sende ein SMS med kodeord NMU100 til 2090. I SMS-en må personen du vervar skrive inn namnet sitt, fødeår, e-post, adresse og namnet ditt. Då blir 100 kr trekt frå mobilrekninga deira, og dei er medlem ut 2023.

Lokallagskonkurranse

Kva lokallag vervar flest? Studentmållaga og elevmållaga kjempar om kvart sitt gåvekort på gratis tilskiping for medlemmane. Lokallaget ditt får utteljing for kvar ny medlem som vert verva av nokon i laget. Det vil seie at den du vervar, både gjev utteljing for deg som einskildmedlem når det gjeld kva vervepremiar du kan få, og for laget ditt i kampen mot dei andre lokallaga eller studentmållaga.

Innspurtspremie

Dersom du vervar nokon innan sundag 11. september 2022, får du ikkje berre vervepoeng, men også ein bøttehatt!

Årets innspurtspremie er bøttehatt med ordet «kjærleik» på fem ulike språk: norsk, nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk og kvensk.❤️ Kvart språk har kvar sin farge.

Hugs: Du treng berre verve éin ny medlem til NMU for å få bøttehatten. Og i tillegg vil kvar nye verving telja som vanlege poeng du kan byte mot dei andre kule vervepremiane våre!

«kjærleik» (norsk)

bøttehatt norsk

«gieresvuohta» (lulesamisk)

bøttehatt lulesamisk

«ráhkisvuohta» (nordsamisk)

bøtthatt nordsamisk

«gieriesvoete» (sørsamisk)

bøttehatt sørsamisk

«rakkhaus» (kvensk)

bøttehatt kvensk

Vervepremiar

1 vervepoeng

Nynorsksokkar

Nynorsksokkar

2 vervepoeng

T-skjorte

T-skjorte

3 vervepoeng

Ivar Aasen-bokser

Ivar Aasen-bokser

5 vervepoeng

Genser

Genser

7 vervepoeng

Ringdrotten av J.R.R. Tolkien (Ringenes herre på nynorsk og dialekt)

Ringdrotten

10 vervepoeng

JBL Flip 5

JBL Flip 5

13 vervepoeng

2 festivalpass til ein nynorskfestival

Festivalpass

Vervetoppen

Elevmållaga

  • Katten Målungdom: 30 vervingar
  • Fron Målungdom: 10 vervingar
  • Hardanger og Voss Målungdom: 4 vervingar
  • Katta Målungdom: 3 vervingar
  • Trøndersk Målungdom: 3 vervingar
  • Søre Sunnmøre Målungdom: 2 verving
  • Sumarøyo Målungdom: 1 verving
  • Firda Målungdom: 1 verving

Studentmållaga

  • Studentmållaget i Nidaros: 40 vervingar
  • Studentmållaget i Oslo: 29 vervingar
  • Studentmållaget i Tromsø: 24 vervingar
  • Studentmållaget i Bergen: 4 vervingar
  • Studentmållaget i Volda: 3 vervingar
  • Ås studentmållag: 1 verving