Norsk Målungdom

Vanlege spørsmål og svar

Her får du svar på spørsmål om vervekampanjen. Om du ikkje finn svar på det du lurer på kan du sende ein e-post til norsk@malungdom.no.

Korleis verve?

Det er to måtar å verve på: Nettsida og SMS. Medlemspengane må vere betalt for at vervinga skal bli gjeldande.
- Nettsida: Be personen du vervar om å fylle ut dette skjemaet. Få så personen til å betale medlemspengar ved å søke opp Norsk Målungdom: Medlemspengar på Vipps (#640459) og betale 100 kr, sende NMU100 til 2090 (trekk 100 kr frå mobilrekninga) eller vente på å få giro.
- SMS: Be personen du vervar om å sende ein SMS med kodeord NMU100 til 2090. I SMS-en må personen du vervar skrive inn namnet sitt, fødeår, e-post, adresse og namnet ditt. Då blir 100 kr trekt frå mobilrekninga deira.

Kva vervingar er teljande?

For at vervinga skal vere teljande må personen du vervar vere under 26 år (ein såkalla «teljande medlem») og betale medlemspengar innan ein månad etter vervekampanjen er ferdig (altså innan 19. oktober). I tillegg må vi ha namn, fødeår og postnummer til personen du vervar. Vervinga gir utteljing både til deg sjølv og til lokallaget ditt.

Personen eg verva gløymde å skrive namnet mitt

Send ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruk kontaktskjemaet.

Eg melde meg inn på nettsida. Kor betalar eg?

Om du melder deg inn på nettsida, får du ein giro i posten etter ei stund. Om du vil betale med ein gong (og det anbefalar vi!) kan du gjere det via SMS, Vipps eller kontobetaling.
- SMS: Send ein SMS med kodeord NMU100 til 2090. I SMS-en skriv du også namnet ditt. Da blir 100 kr trekt frå mobilrekninga di.
- Vipps: Søk opp Norsk Målungdom: Medlemspengar på Vipps (#640459), betal 100 kr og merk betalinga med namnet ditt.
- Bank: Set inn 100 kroner på kontonr. 3450.65.48618 og merk betalinga med namnet ditt.

Korfor kostar det 100 kr, og ikkje 50 kr?

Når du melder deg inn i Norsk Målungdom etter 1. juli, kan du betale for to år i slengen. Det kostar 100 kr. Medlemmar som melder seg inn før 1. juli får berre betale for eitt år, og det kostar 50 år for det første året. Etter dette kostar det 80 kr i året å vere medlem i Norsk Målungdom. Du kan sjølvsagt også velje å betale berre 50 kr.

Eg gløymde noko/skreiv feil informasjon da eg melde meg inn

Send ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruk kontaktskjemaet.

Korfor treng dokker å vite så mykje når eg melder meg inn?

Staten krev at vi har ein del informasjon om medlemmane våre for at dei skal telje som medlemmar. Det betyr at om vi til dømes manglar postnummeret ditt, så blir du ikkje rekna som ein teljande medlem. I tillegg vil vi gjerne ha kontaktinformasjonen din for å komme i kontakt med deg.

Korleis fungerer premielista?

Kvar teljande verving du har gir deg eit «vervepoeng» i NMU-banken. Premiane på premielista kostar ei viss mengde vervepoeng. Det betyr at om du til dømes vervar fem medlemmar, kan du anten bruke vervepoenga på å få ein genser (som kostar fem vervepoeng) eller ei t-skjorte (to vervepoeng) OG ei drikkeflaske (tre vervepoeng). Vi tar kontakt med deg etter vervekampanjen og høyrer korleis du vil bruke vervepoenga dine. Du får vervepremien din i posten.

Lokallaget mitt vil ha meir tilfang

Send ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruk kontaktskjemaet. Du kan også ta kontakt med fadderen din.

Korleis veit eg kva lokallag eg er med i?

Vi plasserer medlemmar i lokallag etter kor dei bur og kva alder dei er i. Det betyr at du til dømes kan vere registrert i feil lokallag om du er registrert med adressa til foreldra dine, men har flytta for å studere. Om du lurer på kor du er registrert, eller vil endre lokallag, kan du sende ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruke kontaktskjemaet. Her finn du eit oversyn over alle lokallaga våre.

Det finst ikkje eit lokallag på staden eg bur

Om du er interessert i å starte eit lokallag kan du sende ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruke kontaktskjemaet, så skal vi gjere det vi kan for å hjelpe deg!