Norsk Målungdom

Vervekampanje

16. august til 19. september føregår vervekampanjen 2021.

Verv ein ven!

Om vervekampanjen

Gjer ein innsats for målsaka! Verv vener, sysken, klasse- eller studiekameratar og andre kjende. Slik kan DU gjere Norsk Målungdom til ein større og sterkare organisasjon. Det er på den måten me kan få endå meir gjennomslag for god språkpolitikk og meir nynorsk i kvardagen.

Kampanjen varer frå 16. august til 19. september, og om du vervar nokon i denne perioden, samlar du vervepoeng. Dei kan du bruke til å handle premiane du ser på sida her!

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om vervekampanjen.

Her finn du kontaktinformasjon til lokallaga.

Korleis verve?

Det er to måtar å verve på: Nettsida og SMS. Medlemspengane må vere betalt for at vervinga skal bli gjeldande.
- Nettsida: Be personen du vervar om å fylle ut dette skjemaet. Få så personen til å betale medlemspengar ved å søke opp Norsk Målungdom: Medlemspengar på Vipps (#640459) og betale 100 kr, sende NMU100 til 2090 (trekk 100 kr frå mobilrekninga) eller vente på å få giro.
- SMS: Be personen du vervar om å sende ein SMS med kodeord NMU100 til 2090. I SMS-en må personen du vervar skrive inn namnet sitt, fødeår, e-post, adresse og namnet ditt. Då blir 100 kr trekt frå mobilrekninga deira.

Lokallagskonkurranse

Kva lokallag vervar flest? Studentmållaga og elevmållaga kjempar om kvart sitt gåvekort på gratis tilskiping for medlemmane. Lokallaget ditt får utteljing for kvar ny medlem som vert verva av nokon i laget. Det vil seie at den du vervar, både gjev utteljing for deg som einskildmedlem når det gjeld kva vervepremiar du kan få, og for laget ditt i kampen mot dei andre lokallaga eller studentmållaga.

Vervepremiar

Verv 1

Handlenett (Elska eller Livna)

Handlenett

Verv 2

T-skjorte

T-skjorte

Verv 3

Drikkeflaske

Drikkeflaske

Verv 5

To kinobillettar

Kinobillettar

Verv 7

Genser med reiseruta til Aasen

Genser

Verv 10

Gåvekort på samlaget eller storytel(1000 kr)

Gåvekort

Verv 13

2 festivalpass til ein nynorskfestival

Festivalpass

Vervetoppen

Elevmållagsvervetoppen

Ingen elevmållag har verva enno.

Studentmållagsvervetoppen

Ingen studentmållag har verva enno.