Val av transportmiddel: Det enklaste og billegaste er i mange tilfelle tog eller buss. Røros har få daglege avgangar, og samtlege går til/frå Oslo.For folk som bur langt vekke Røros (t.d. nord på Vestlandet, Agder, Nord-Noreg), kan det henda fly er einaste fornuftige reisemåte mtp. tidsbruk og reisebelastning. Eit alternativ kan vera fly til Trondheim/Oslo og tog vidare. Ved bruk av fly tilrår me å kryssjekka prisar på Widerøe, SAS og Norwegian. For Widerøe/SAS er det lurt å sjekka både ungdomspris og billegaste vaksenpris. Det varierer frå avgang til avgang kva for ein av desse som er billegast (Norwegian opererer berre med vaksenpris). Tek du buss, tilrår me å kjøpa tur-retur-billett.
OBS! Nedst på sida finn du rutetider for reiser via Trondheim, Molde og Oslo. Mange av dei opplista avgangane gjer at du kjem fram på eit fjollete tidspunkt, anten veldig tidleg, eller så seint at du går glipp av delar av programmet. Dersom du vil reisa på eit fornuftig tidspunkt, som gjer at du unngår å mista delar av programmet, så bør du reisa med ein avgang som er oppførd med utheva skrift. Alternative, ugunstige avgangar er lista opp med kursivert skrift.
Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller anna, ta kontakt med vinterleirnemnda ved Tone Rossow på telefon 980 24 590 eller tone@nynorsk.no
Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Oslo, Akershus, Østfold: Reis via Oslo. Rutetider derfrå står nedanfor.
Oppland: Reis med Dovrebanen til Hamar/Støren, og byt deretter til Rørosbanen.
Hedmark: Reis med Rørosbanen/lokale buss-selskap.
Rogaland, Hordaland: Reis med tog via Oslo.
Sogn og Fjordane: For dei fleste her frå vil det kanskje vera enklast med fly. Eventuelle reiseglade kan ta buss til Oslo/Bergen, og reisa vidare derfrå.
Møre og Romsdal: Reis med ekspressbuss via Molde, eller
Trøndelag: Reis med tog/ekspressbuss via Trondheim.
Nordland, Troms, Finnmark: Fly heile eller delar av strekninga.
Oslo 08:37, Røros 13:49 (NSB)
Oslo 10:37, Røros 15:35 (NSB)
Oslo 14:37, Røros 19:36 (NSB)
Oslo 16:37, Røros 21:37 (NSB)
Oslo 18:37, Røros 23:43 (NSB)
Trondheim 08:20, Røros 11:10 (Nor-way Rørosekspressen)
Trondheim 09:50, Røros 12:12 (NSB)
Trondheim 12:50, Røros 15:50 (N RE)
Trondheim 15:20, Røros 18:15 (N RE)
Trondheim 16:25, Røros 18:55 (NSB)
Trondheim 17:20, Røros 20:10 (N RE)
Trondheim 20:50, Røros 23:35 (N RE)
Molde 10:25, Røros 18:15 (Nor-way)
Åndalsnes 07:40, Røros 15:35 (NSB)
Åndalsnes 09:34, Røros 18:55 (NSB)
Røros 12:22, Oslo 17:34 (NSB)
Røros 14:16, Oslo 19:34 (NSB)
Røros 16:29, Oslo 21:34 (NSB)
Røros 16:30, Trondheim 18:55 (NSB)
Røros 17:50, Trondheim 20:40 (N RE)
Røros 19:42, Trondheim 22:05 (NSB)
Røros 08:24, Åndalsnes 16:18 (NSB)
Røros 12:22, Åndalsnes 21:25 (NSB)