- Framsida »
- Organisasjon »
- Tilskipingar »
- Vinterleir 2012 »
- Program for vinterleiren
Program for vinterleiren
Fredag
1700-1800
Innsjekking og brødmat
1800-1900 Natursti
Vi startar kalaset med ein morosam og lærerik tur ut i snøen!
1900-2000 Fellesinnleiing: Tynset-dialekten
Korleis er talemålet i området? Marie Bakås skal lære oss meir om det.
Etterpå: Middag, verta kjende-leikar, samvere.
Laurdag
0900-1000
Frukost
1000-1400 Parallelle kurs. Vel mellom:
- Bortoverski
Vi spenner på oss langrennsskia og testar løypenettet som startar rett utanfor stovedøra! - Nedoverski
Dra i skitrekket. Sei i frå dersom du vil dette, treng vita det tidleg mtp. logistikken. - Handarbeidsverkstad
Likar du snø og kuldegrader best når du er på den andre sida av vindauget? Kos deg med «putlearbeid» og kakao!
1400-1445 Mat
1445-1545 Fellesinnleiing: Kva er UNESCO?
Mange har høyrt om UNESCO, men kva gjer dei, eigentleg? NMU-leiar Janne Nygård, som har vore norsk delegat til UNESCOs generalkonferanse 2011, fortel.
1545-1600 Pause
1600-1700 Parallelle kurs. Vel mellom:
- Skrivekurs
Likar du å setje ord på tankar, feste kjensler til skrift, eller kanskje du berre får glede av å leike med orda? NMU-skrivaren Johanne Torvund lærer bort lure tips og triks.
- Den sørtrønderske ørkenskogen
Røros har ei heilt spesiell historie når det gjeld landskap og vegetasjon. Biologi- og arkeologistudent Maria Svendsen lærer deg om skogen som vart ørken - som vart til skog igjen!
1700-1800 Parallelle innleiingar. Vel mellom:
- Etymologi - kva er det?
Læra om opphavet til orda, seier ordboka. Men kva ligg i det, tru? Språkguru, norrøn litteratur-ekspert og Dag og Tid-skribent Kristin Fridtun fortel.
- Kvifor nynorsk?
Kva er det som får oss til arbeide for nynorsken? Ja, kvifor er eigentleg nynorsk så bra? Nestleiar Vebjørn Sture innleier til diskusjon.
1800-1900 Middag
1900-utover Kveldssete med eventyrstund, loddtrekning og mykje moro.
Sundag
0900
Frukost
1000-1100 Fellesinnleiing: Røroshistoria - frå gruvedrift til sørsamisk kultur
Jon Holm Lillegjelten frå Rørosmuseet kjem for å fortelje den spennande soga om Røros.
1100-1130 Pause
1130-1300 Parallelle punkt. Vel mellom:
- Fleirspråk i utlandet
Er det berre Noreg som er fleirspråkleg? Kva finst av fleirspråkssituasjonar og fleirspråkspolitikk i andre land? Sentralstyremedlem Tone Rossow innleier.
- Esperantokurs
Er du nyfiken på «det internasjonale hjelpespråket» esperanto? Leiar i Norsk Esperantoungdom, Leif Arne Storset, gjev deg ei frisk innføring i det lettlærte og nøytrale verdsspråket.
1300
Avslutting
Etterpå: Lunsj, nistesmøring, avreise.