Velkomen til vinterleir!

Vinterens vakraste eventyr er vinterleir med Norsk Målungdom på Røros i Sør-Trøndelag! 27.-29. januar samlar vi oss til ei triveleg helg med kos, snø, nynorsk og nye vener.  

Program

Her kan du sjå det førebelse programmet. Programmet vil bli utdjupa etter kvart som punkta blir stadfesta. Les meir »

  • Røros
  • 27–29. januar
  • 250 kr for alt

Reiseruter

Lurer du på korleis du kjem deg fram og tilbake? Me har laga eit lite reiseoversyn til deg, som vonleg gjer planlegginga litt enklare. Les meir »

Praktisk

Deltakarpengane er på berre 250 kroner, og det inkluderer både mat, opphald og dekking av rimeleg/fornuftig reiseveg! Du gjer lurt i å ta med sovepose og det du treng av toalettsaker. I tillegg må du hugse ski og varme klede om du skal ut på tur eller i bakken.

Reiseruter kjem snart her på heimesida. Om du lurer på noko om det eller noko er det berre å ta kontakt.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å senda ungdommane sine avgarde aleine. Difor har vi lagt ut eit lite informasjonsskriv til uroa foreldre, slik at dei kan kjenne seg tryggare. Les meir »

Meld deg på