Nyhende
Datafirmaet Nynodata har lansert ei ny utgåve av den elektroniske ordboksamlinga Ordrik. Ordrik 2 skiltar med nynorskordliste, bokmål til nynorsk og nynorsk synonymordliste. Om du vervar fire stykkar kan du få alle ordbøkene frå Nynodata. Alle vervarar og alle dei vervar får nynorskordlista frå Nynodata.
No er vervekampanjen "5,4,3,2,1 - VERV" i gang, og me gjer som sovjetarane og amerikanarane gjorde for femti år sidan - sender ein helt i bane rundt Jorda. Medan sovjetarane sende Gagarin og amerikanarane sende ein sjimpanse, sender me ut Super-Ivar - å, ja!
Det einaste problemet er at me har ein rakett som berre lar seg fyra av ferdig utfyldte vervingsblankettar til Norsk Målungdom av personar under 26 år, så DU må bidra for å få Super-Ivar rundt!
Me kan for augneblinken ikkje gje så mykje meir informasjon om progresjonen i dette forskingsprogrammet pga. frykt for industrispionasje, men meir kjem truleg etter kvart.
- Vervkampanjenemnda/Norsk Målreisings Romfartsnemnd (NMR)
Bli med på Facebook