Hald av 4.–9. juli og gled deg til

sumarleir!

Program

Her får du informasjon om programmet etter kvart som det vert klart. Éin ting er førebels sikkert – Det kjem til å verte utruleg artig og lærerikt!

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit lite informasjonsskriv til uroa foreldre, slik at dei kan kjenne seg tryggare. Les meir »

Praktisk

Leiren er 4.-9. juli på Austlandet. Me kjem med meir informasjon om stad og program snart. Me kan uansett love at det vert mykje moro, spanande kurs og innleiingar – og ikkje minst målungdomar frå heile landet. Leiren kostar 600 kroner for dei som betalar før 4. juli, og 700 kroner for dei som betalar etter den datoen.

Meld deg på