Pressemelding frå Norsk Målungdom, 18.10.2011

Målungdommen lanserer digitaldugnad

Norsk Målungdom lanserer i dag satsinga som har fått namnet Nynorsk digitaldugnad. Dei unge nynorskforkjemparane ønskjer å leggje til rette for at kven som helst skal kunne bidra i arbeidet med å nynorskifisere den digitale verda.

- Planen er å engasjere tenestetilbydarar, vanlege nynorskbrukarar og våre eigne aktivistar og medlemer i ein felles innsats for digital nynorskvekst, seier Vebjørn Sture (23), nestleiar i Norsk Målungdom. Han vonar satsinga vil samle både nye og gamle nynorske internettaktivistar.

- Det er mange nynorskingar der ute - både i og utanfor målrørsla - som har lagt ned mange timars gratisarbeid på fritida for å omsetje nettsider, programvare og applikasjonar til nynorsk. Med Nynorsk digitaldugnad ønskjer vi å styrkje det arbeidet, både gjennom å rette søkjelyset mot det, og gjennom å rekruttere fleire bidragsytarar, forklarer Sture.

Som ein paraply for prosjektet, har Målungdomen oppretta ein eigen dugnadssentral på nettet, under den høvelege adressa dugnad.nynorsk.no. Dugnadssentralen skal fungere som rettleiing for dei som vil bidra, men kanskje ikkje veit heilt korleis, og som utstillingsvindauge for alt det som blir gjort.

- Vi håpar folk bruker kommentarfelta til å skryte litt av seg sjølve når dei har bidrege med noko. Det å få sjå at andre også er med og dreg lasset, verkar ekstra inspirerande for alle, smiler Sture.

I første omgang blir dugnaden konsentrert om å bidra på Nynorsk Wikipedia, omsetje filmtekstar og omsetje fri programvare. NMU-nestleiaren varslar alt no at satsinga skal utvidast utover hausten og vinteren.

- Vi er særleg interesserte i å omsetje fleire tenester innanfor sosiale media. Likeins håpar vi også at vi får tilbydarar av ulike nettbanktenester og mobilordlister med på laget, slik at dei kan leggje til rette for dugnadsomsetjing av tenestene sine. Desse tinga kjem vi tilbake til så snart vi får på plass avtaler med tenestetilbydarane, lovar Sture.

For meir informasjon:

Vebjørn Sture, nestleiar i Norsk Målungdom
tlf: 924 16 527
e-post: vebjorn@nynorsk.no
høgoppløyseleg pressefoto

Sjå også http://dugnad.nynorsk.no/