Opphev nynorskforbodet i Dagbladet og VG!

I dag er det slik at alle dei store riksavisene i Noreg har eit forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Det tyder at ein journalist tilsett i VG eller Dagbladet ikkje får lov til å skrive på nynorsk om han eller ho vil det. Dette kjem ingen til gode.

Vi meiner at det er heilt uakseptabelt at eit slikt forbod skal fortsetje å eksistere. Det er feil å kalle seg ei riksavis som skal ha nedslagsfelt over heile landet og samstundes ha forbod mot eit offisielt norsk språk som ein halv million nordmenn nyttar dagleg.

Hovudgrunnen til at mange meiner det er vanskeleg å lære seg nynorsk er at språket er usynleg i det offentlege, og dette gjer livet surt for både dei ungdommane som har nynorsk som hovudmål og dei som lærer språket som sidemål. Mange ungdommar skiftar språk frå nynorsk til bokmål fordi dei aldri ser språket sitt eller fordi dei får nedsetjande kommentarar når dei skriv nynorsk. Å tillate nynorsk i dei store avisene vil sende eit signal om at nynorsk passar inn overalt og at det er greit å vere nynorskbrukar. Dei fleste ungdommar les avisene berre på nett – det er ein fin stad å starte med å sleppe til litt nynorsk.

Vi krev ikkje at avisene må skrive så og så mange prosent nynorsk, vi ber dei berre oppheve det gamaldagse og sneversynte forbodet mot nynorsk. Slepp nynorsken til!

Engasjer deg du òg! Meld deg inn i Norsk Målungdom og ver med i kampen for å oppheve nynorskforbodet i rikspressa!

Kvifor er det så mykje feil i omsetjingane?

Det er eit dataprogram som omset all tekst frå bokmål til nynorsk. Datamaskiner er enno ikkje like flinke i språk som vi er, difor vert det ein heil del feil. Dessutan er det fleire tvitydige og samansatte ord som programmet ikkje kjenner, og difor kan ta feil av. Programmet vi brukar heiter Apertium og er fri programvare, så viss du vil hjelpe til med språkfilene for omsetjinga så er det supert.

Føremålet desse maskinomsette sidene våre er ikkje at folk skal kunna læra nynorsk av dei (slik ekte bruk av nynorsk i riksavisene vil), men for å vise at vi ikkje er nøgd med forbodet.

Kontakt oss