- Framsida »
- Politikk
Ja til fleire sidemålsforsøk!
Landsmøtet i femtiårsjubilanten Norsk Målungdom krev ei massiv satsing på positive sidemålsforsøk. Sidemålsopplæringa i dag manglar omfang, kvalitet og entusiasme. Dette fører til at mange elevar vert dårlege i sidemålet sitt, og følgjeleg utviklar dårlege haldningar til det.
Problema er størst for dei elevane som har nynorsk som sidemål. Grunna den hegemoniske bokmålsdominansen i media og næringsliv, opplever ikkje nynorskelevane den same mangelen på kvardagsmøte med sidemålet sitt som bokmålselevane gjer. Dermed er dårleg sidemålsopplæring med på å skapa dårlege haldningar fyrst og fremst hjå elevar med bokmål som hovudmål.
Me må derfor ta høgd for at så lenge representasjonen av nynorsk og bokmål i samfunnet elles er så asymmetrisk som han er, kan det vera mogleg at symmetrisk sidemålsopplæring for nynorsk- og bokmålselevar ikkje nødvendigvis er rette vegen å gå. Dette er eitt av spørsmåla me ynskjer vitskaplege svar på gjennom forsøksverksemd.
Landsmøtet i Norsk Målungdom vil presisera at éin krystallklår premiss må liggja i botn for alle sidemålsforsøk: At Noreg har to jamstilte, norsk skriftspråk – nynorsk og bokmål – og at alle dermed skal læra og verta funksjonelle i desse språka på skulen. Sidemålsopplæring på skulen er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å oppnå allment gode haldningar til og ferdigheiter i begge dei offisielle norske skriftspråka.
På bakgrunn av dette vil landsmøtet i Norsk Målungdom slå fast dei fylgjande punkta.
Me krev:
- omfattande forsøk med tidleg sidemålsstart for å finna ut når det er mest ideelt for elevane å byrja med sidemålsopplæring.
- omfattande forsøk med bruk av nynorsk sidemål som bruksmål i fleire andre fag enn norsk, for å kartleggja kva slags effekt nynorsk språkbad vil ha på bokmålselevar sine haldningar til og ferdigheiter i nynorsk.
- omfattande kartlegging av haldningar til sidemålet i forkant av, undervegs og i etterkant av forsøka.
- omfattande forsøk med ulike didaktiske tilnærmingar, for å finna ut korleis sidemål best kan lærast.
- omfattande forsøk med serskilt sidemålsmotivasjon, for å finna ut korleis elevane best kan motiverast til og oppdaga verdien av å læra sidemål.
- sentral koordinering av forsøka, og kryssing av ulike forsøkstypar, for å finna fram til dei mest optimale rammevilkåra og tiltaka for god sidemålsopplæring.
- me er sjølvsagt også opne for andre typar forsøk, dersom det skulle koma fleire gode idear til korleis sidemålopplæringa kan gjerast meir føremålstenleg.
Me er opne for:
- «reindyrking» av norskfaget. Norskfaget er i ferd med å verta eit O-fag, og NMU vil ikkje stilla seg i vegen for ei viss opprydding i pensum, så lenge «kjernestoffet» – nynorsk, bokmål, språkhistorie, litteraturhistorie – får stå i fred.
- systematiske forsøk med «sidemålsintensivering», med avsluttande eksamen og karakter i sidemål i nest siste semester på vidaregåande.
- lågare krav til karaktergrunnlag, dokumentasjon og tilrettelegging for norsklærarane.
- omdefinering av munnleg-karakteren i norsk. Karakteren i norsk munnleg fungerer ofte som ein «sekkekarakter», der alt frå kunnskap om litteraturhistorie og filmadaptasjon til personlege eigenskapar som scenetekke og diksjon vert samla i éin karakter. Karakteren seier såleis ikkje lenger så mykje om kva slags munnlege ferdigheiter eleven har, eller kva slags fagkunnskapar i norsk eleven har tilegna seg på skulen.
- null sidemål på yrkesfaglege studieretningar. Norsk Målungdom tek ikkje med dette stilling til kor teoritunge dei yrkesfaglege studieretningane bør vera, men nettopp derfor ser me oss heller ikkje i posisjon til å stilla krav til teoriinnhaldet på yrkesfag. Me lever med andre ord godt med obligatorisk sidemål på ungdomsskulen og dei vidaregåande studieretningane som gjev generell studiekompetanse.
Føresetnader:
- alle forsøk må ha vitskapleg forankring, både i førebuing, gjennomføring og evaluering. Seriøse, relevante forskingsinstitusjonar skal stå for forskinga.
- forsøksføremåla må formulerast ut i frå at forsøka skal bidra til kunnskap som kan vera til hjelp i utforminga av ei solid, velfungerande og haldningsskapande sidemålsopplæring for framtida.
- forsøka må gjerast over heile landet, og jamføring av effektar må også gjerast mellom nynorsk- og bokmålselevar, for å kartleggja på kva område høvesvis symmetriske og asymmetriske tiltak er mest føremålstenlege.