
5.-10. juli samlar målungdommar frå landet over seg til jubileumssommarleir på Vinstra i Gudbrandsdalen. Vi skal feire 50 års eksistens og 40 års sommarleirtradisjon - på den same plassen som den første sommarleiren fann stad i 1971. Og det beste av alt? Herlegdommen kostar berre 700 kroner, reisedekking inkludert! Bli med til Vinstra og opplev den suverent mest trivelege, lærerike og sosiale veka i 2011!
Vi kan mellom anna lokke med
Her kan du halde deg oppdatert; vi legg ut oppdateringar i programmet fortløpande! Sjå programmet her.
Lurer du på korleis du kjem deg til Vinstra? Sjekk ut reiserutene!
Trass store presseoppslag om flaum dei siste dagane: Sommarleiren går som planlagt! Bussrutene går som normalt, og dersom ikkje toget er tilbake på sporet før leiren byrjar, så blir dei togreisande flytta over i buss den siste biten til Vinstra frå Dombås eller Lillehammer. På skulen der vi skal vere er også alt tilbake til normalen. Med andre ord: Ingen grunn til å uroe seg. Vi gler oss til leir! :)
Deltakarpengane er på 700 kroner, og det dekkjer både mat, opphald og rimeleg/fornuftig reiseveg.
Det kan vere lurt å ta med seg badetøy, sovepose/liggjeunderlag, solkrem - og kanskje nokre kroner til å handle i NMU-bua med?
Meir praktisk informasjon kjem ganske snart, så følg med!