Styringsdokument

NMU sine offisielle meiningar og interne spelereglar er vedtekne i ei rekkje ulike dokument. Dei grunnleggjande dokumenta vert alltid vedtekne på landsmøtet, medan landsstyret og sentralstyret gjer meir spesifikke vedtak, i tråd med landsmøtevedtaka. Her finn du dei ulike dokumenta, sorterte etter type.

Lov og tuft

Tufta

Tufta er det politiske grunnlagsdokumentet for Norsk Målungdom, og dimed utgangspunktet for all politikken vår. Tilsvarer det somme andre organisasjonar kallar «prinsipprogram», «manifest», og liknande. Les tufta her.

Lovene

Lovene til NMU er spelereglane våre. Enkelte andre organisasjonar kallar det «vedtekter» eller «statuttar». Lovene er såleis utgangspunktet for alle føresegner og regelverk i organisasjonen. Les lovene her.

Arbeidsprogram

I arbeidsprogrammet vedtek landsmøtet kva organisasjonen skal prioritera å arbeida med det neste året. Les arbeidsprogrammet for 2016–2017 her.

Politiske program

Internasjonalt program

Det internasjonale programmet slår fast kva organisasjonen meiner om språk og språkpolitikk på eit internasjonalt nivå. Les det internasjonale programmet her.

Talemålet og nynorsken

I programmet Talemålet og nynorsken står NMUs politikk på talemålet, skrifta og tilhøvet mellom dei to. Les Talemålet og nynorsken her.

Program for språk i skulen

I dette programmet går me nærare inn på kva rolle språket bør ha i skuleverket, og kva rolle skuleverket bør ha for språket. Les Program for språk i skulen her.

Program for Noreg som fleirkulturelt samfunn

Noreg er og har alltid vore eit fleirspråkleg land. I dette programmet finn du ut korleis me vil taka vare på språkmangfaldet. Les Program for Noreg som fleirspråkleg samfunn her.

Regelverk

Styreføresegner

Styreføresegnene spesifiserer nærare arbeidsdelinga mellom landsstyret og sentralstyret. Les styreføresegnene her.

Økonomiske føresegner

Dei økonomiske føresegnene legg føringar for korleis organisasjonen sin økonomi skal styrast. Les dei økonomiske føresegnene her.

Standardlover for lokallag

For lokallag som ikkje har gjort eigne vedtak om lover, gjeld standardlovene for lokallag. Les standardlover for lokallag her.