Norsk Målungdom

Norsk Målungdom (NMU) arbeider for at alle skal ha høve og rett til å skriva nynorsk, og for å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Me meiner nynorsk skal vera til for alle som vil, og at dette må gjerast mogleg gjennom god opplæring i skulen og synleggjering av språkmangfaldet elles i samfunnet.

Kvart år vitjar NMU mange titals skular og fleire tusen elevar over heile landet, for å spreia kunnskap og skapa diskusjon om språkpolitikk generelt og nynorsk spesielt. Me hjelper elevar og studentar med å få innfridd lovfesta språklege rettar, og har gjennom heile historia vår kjempa hardt for at alle læremiddel skal vera tilgjengelege på nynorsk til same tid og pris som på bokmål.

NMU har om lag 1 300 medlemer, og er den einaste ungdomsorganisasjonen som arbeider for nynorsk og dialektar. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig, og er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag.

Det eldste lokallaget vart skipa alt i 1877 (Maalvinarlaget), og NMU kom til som samlande organisasjon i 1961, under namnet Noregs Student- og Elevmållag (NSEM).