Vedtekne på landsmøtet i Norsk Målungdom 12. mars 1989. Brigda på landsmøtet i Norsk Målungdom 15.-17. mars 1991, 13.-15. mars 1992, 12. -14. mars 1993, 31. mars-2. april 1995, 15.-17. mars 1996, 18.-20.mars 1999, 17-19. mars 2000, 17.-19. mars 2002, 19.-21. mars 2004, 18.-20. mars 2005, 24.-26. mars 2006, 28.-30. mars 2008 og 19.-21. mars 2010
§1 Norsk Målungdom er den landsomfemnande ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og skal samordna og gå føre i striden for norsk mål mellom ungdom.
§2 Det målpolitiske grunnlaget – tufta – vert slege fast gjennom serskilt vedtak på landsmøtet.
§3 Ungdom som godtek tufta og desse lovene, kan slutta seg til Norsk Målungdom.
§4 Medlemer har ikkje røysterett i meir enn eitt lokallag i Norsk Målungdom.
§5 Det skal svarast medlemspengar for kvar medlem. Medlemspengane er sette saman av ein sentralsats og ein lokalsats. Landsmøtet fastset sentralsatsen, ein tilrådd lokalsats og eventuelle andre satsar, medan årsmøtet i lokallaget fastset lokalsatsen. Lokallaga skal få refundert lokalsatsen kvart år. For å få refundert lokalsatsen må lokallaget ha levert årsmelding og ha halde årsmøte.
Landsmøtet kan vedta særskilde satsar for fyrsteårsmedlemer og etter alder. Nye medlemer som blir innmelde mellom juli og desember kan svara medlemspengar for to år, etter ein toårssats fastsett av landsmøtet. Landsmøtet fastset kor stor del av fyrsteårssatsen og toårssatsen som skal gå til lokallaga.
§6 Medlemer og sympatisørar av rasistiske og/eller nazistiske samskipnader kan ikkje vera medlemer av Norsk Målungdom.
§7 Lokallaga er grunneininga og den viktigaste lekken i samskipnaden NMU. Lovene deira kan ikkje strida mot desse lovene. For lokallag som ikkje vedtek eigne lover, gjeld standardlovene for lokallag i NMU. Desse vert slegne fast gjennom serskilt vedtak på landsmøtet. Vert eit lokallag oppløyst, går eiga til NMU. Vert det skipa eit nytt NMU-lag på staden innan 5 år, skal eiga frå førre lag gå attende til laget. Nye lag i NMU skal godkjennast mellombels av sentralstyret og endeleg av landsstyret.
§8 Lokallaga har til oppgåve å vera med på å forma ut politikken og prioriteringane til samskipnaden, og etterpå setja arbeidsprogrammet og andre vedtekne planar ut i livet.
§9 Medlemene i eit lokallag vel styre på års-/halvårsmøte.
§10 Landsmøtet er det høgste organet i Norsk Målungdom. Det skal haldast i februar eller mars kvart år.
§11 Landsmøtet skal ha føre:
–årsmelding
–Rekneskap for året før, revidert budsjett
for inneverande år og budsjett for neste år
– Medlemspengesats
for neste år
–Val av leiar, nestleiar, skrivar,
økonomiandsvarleg, landsstyre og sentralstyre, valnemnd og ein
medlem m/ 2 prioriterte vara til styret, valnemnda og landsrådet til
Noregs Mållag
–Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs
Mållag.
Landsmøtet skal òg hava føre framlegg til vedtak, arbeidsprogram, fråsegner, endringar av tuft og/eller lover. Ei tuft- eller lovendring kan berre havast føre dersom framlegget har vore sendt til sentralstyret minst 6 veker føreåt, og det må ha 2/3 fleirtal for å verta vedteke. Lovendringar trer i kraft idet landsmøtet vert heva, med mindre landsmøtet vedtek noko anna med ¾ fleirtal.
§12 Det skal liggja føre revisjonsmelding om rekneskapen til NMU, for godkjenning av landsmøtet. Landsmøtet skal velja ettersynsfolk.
§13 Landsmøtet skal kallast inn minst 4 veker på førehand. Sakpapir og framlegg til sakliste skal vera tilgjengeleg elektronisk når innkallinga kjem.
§14 Framlegg som lag eller medlemer vil ha opp som eiga sak på landsmøtet, må vera sende til sentralstyret minst 6 veker før landsmøtet. Framlegg som kjem inn for seint må ha 2/3 fleirtal på landsmøtet for å verta handsama.
§15 Sentralstyret skal gjera kjent kvar og kva tid landsmøtet skal vera, i god tid før 6-vekersfristen. Samstundes skal ei førebels sakliste gjerast kjend. Dette skal skje gjennom skriv til laga og Noregs Mållag.
§16 Det skal kallast inn til omframt landsmøte når landsstyret eller 1/3 av laga krev det. Innkallinga er som til eit vanleg landsmøte. Omframt landsmøte kan berre gjera vedtak i dei sakene som er nemnde i innkallinga.
§17 Eit lokallag må ha minst fem medlemer for å ha rett til røystefør utsending på landsmøtet. Talet på røysteføre utsendingar vert fastsett etter denne nøkkelen:
05-10 medlemer gjev 2 utsendingar
11-25 medlemer gjev 3
utsendingar
26-40 medlemer gjev 4 utsendingar
41-60 medlemer
gjev 5 utsendingar
61-90 medlemer gjev 6 utsendingar
91-150
medlemer gjev 7 utsendingar
lag med meir enn 150 medlemer får 8
utsendingar
Grunnlaget for utrekninga av utsendingane er medlemstalet i laga ved årsskiftet, pluss nye betalande medlemer som er innmelde seinast seks veker før landsmøtet tek til.
Lokallag og distriktslag har høve til å senda observatørar til landsmøtet.
Til omframt landsmøte er retten til å røysteføre utsendingar slik:
5 - 50 medlemer gjev rett til 1 utsending,
Over 50 medlemer
gjev rett til 2.
Til omframe landsmøte skal utsendingstalet reknast ut frå på same grunnlag som utrekninga for det ordinære landsmøtet i perioden.
§18 Utsendingar frå lokallaga har røysterett når laga har sendt inn årsmelding og deltakaravgift og medlemspengar for utsendingane er betalt. Utsendingar frå lokallaga skal veljast på årsmøte eller medlemsmøte. Leiaren i NMU har alltid røysterett på landsmøte i NMU.
§19 Alle som har fått verv eller ombod av landsmøtet eller landsstyret i NMU har tale- og framleggsrett på landsmøtet.
§20 Landsstyret er det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Landsstyret skal på grunnlag av landsmøtevedtak forma ut NMU sin politikk. Landsstyret skal sjå til at organisasjonen arbeider etter retningslinene i tufta og etter prioriteringane i arbeidsprogram og andre planvedtak.
§21 Landsstyret vert valt av landsmøtet og står andsvarleg andsynes landsmøtet. I landsstyret sit leiaren for NMU, 10, 12, 14 eller 16 faste medlemer og seks nummererte varaer. Det skal vera geografisk spreiing av medlemene i landsstyret.
§22 Medlemene i landsstyret vert valde for eitt år om gongen.
§23 Landsstyret skal ha minst 4 møte i året. Leiaren, sentralstyret eller fleirtalet i landsstyret kan krevja omframe landsstyremøt
§24 Landsstyret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemene er til stades. Innkalling og sakspapir skal vera sendt til medlemene minst to veker før møtet.
§25 Landsstyret skal alltid ha så mange medlemer som landsmøtet har fastsett. Landsstyret nemner opp folk frå varalista med fulle rettar når ein medlem trekkjer seg.
§26 Landsstyret vedtek føresegner som regulerer andsvarsområda til og tilhøvet mellom landsstyret og sentralstyret.
§27 Sentralstyret ved økonomiandsvarleg skal på kvart landsstyremøte leggja fram oversyn over den økonomiske stoda i NMU.
§28 Landsstyret er arbeidsgjevar for tilsette i NMU, og fastset instruksar, lønstilhøve og arbeidsoppgåver for desse.
§29 Sentralstyret har andsvar for den daglege leiinga av samskipnaden, og skal setja politikken til NMU ut i livet i samsvar med vedtak frå landsmøtet og landsstyret. Sentralstyret skal førebu saker for landsstyret slik landsstyret ynskjer det.
§30 Sentralstyret representerer Norsk Målungdom utetter og har råderett over eiga til Norsk Målungdom. Sentralstyret har fullmakt til å teikna for organisasjonen, og har fullmakt til å gå inn for lån eller kassakreditt dersom det vert naudsynt. Alle dei faste medlemene i sentralstyret må vera til stades dersom sentralstyret skal gå inn for lån eller kassakreditt, og innstillinga må vera samrøystes.
§31 Sentralstyret skal ha 5 - 13 medlemer. Det skal i tillegg veljast minst tre nummererte varafolk. Sentralstyret skipar seg sjølv med unnatak av leiar, nestleiar, skrivar og økonomiandsvarleg. Landsstyret kan gjera suppleringar i sentralstyret etter framlegg frå dette. Dersom ein SST-medlem trekker seg, nemner landsstyret opp ein ny SST-medlem frå varalista
§32 Sentralstyret er vedtaksført når minst 5 av medlemene er til stades og alle medlemene er kalla inn i god tid.
§33 Eit nyvald sentralstyre med leiar, nestleiar og økonomiandsvarleg, og medlemene og varafolka til landsrådet i Noregs Mållag, tek sæte fyrste syknedagen i juli. Det nyvalde landsstyret kan etter fleirtalsvedtak skuva ut dette tidspunktet med inntil fire veker.
§34 Valnemnda har i oppgåve å koma med innstilling til alle verv som skal veljast på landsmøtet, utanom framlegg til ny valnemnd. Innstillinga skal vera klar seinast to veker før landsmøtet tek til. Valnemnda har tre medlemer, og to nummererte varafolk.
§35 Distriktslaga skipar seg sjølve med lover og føresegner som ikkje strir mot prinsippa i denne lova.
§36 Distriktsstyret skal samordna og driva fram arbeidet i lokallaga i distriktet, verka til å skipa nye lag og tena som bindelekk mellom sentralstyret og lokallaga.
§37 Representasjonen av gutar og jenter bør vera jamn i alle organ i NMU, og i styre og nemnder med fleire enn tre personar skal ikkje representasjonen av noko kjønn overstiga 60 %.
§38 Ingen skal bruka rusmiddel på noka NMU-tilskiping. Dette gjeld gjennom heile tilskipinga. Lag i NMU kan gjera eigne vedtak for sine tilskipingar. Ved brot på denne paragrafen kan kan deltakarane sendast heim og eventuelt nektast reisedekkjing etter vedtak i landsstyret. Ved grove overtramp, sjå "Disiplinærtiltak".
§39 Ved grov utruskap mot NMU eller medlemer i NMU, som skjer i samband med verksemd i NMU, kan organisasjonen setja i verk disiplinærtiltak mot medlemer og tillitsvalde. Tiltaka kan vera:
1. Attendekalling av tillitsvalde: Alle forsamlingar i NMU som vel
tillitsvalde kan kalla attende desse.
2. Suspensjon: Styre på
alle nivå kan suspendera medlemer og/eller tillitsvalde som er
mistenkte for grov utruskap. Suspensjonar på lågare nivå i
organisasjonen skal godkjennast av landsstyret. Suspensjonar kan
ikkje gjelda for meir enn eitt år. Innan eitt år skal anten
suspensjonen trekkjast attende, eller føra til eksklusjon.
3.
Eksklusjon: Eksklusjon av medlemer skal skje med 2/3 fleirtal i
landsstyret og må godkjennast av landsmøtet (med 2/3 fleirtal), med
ein rapport frå landsstyret som saksskriv. Den som fær retta krav
om disiplinærtiltak mot seg skal kallast inn og ha tale- og
framleggsrett i alle organ som har saka føre.
Landsstyret skal
leggja fram rapport om alle disiplinærtiltak siste år for
landsmøtet.
§40 Tilhøvet til Noregs Mållag er ordna av samarbeidsavtala, som skal vera vedteken av landsmøta til Noregs Mållag og Norsk Målungdom.
§41 Ingen organ i Norsk Målungdom kan gjera avtaler med andre organisasjonar, som strir mot lovene til Norsk Målungdom. I tilfelle der det ikkje er samsvar mellom lovene og avtalar, gjer landsstyret vedtak som regulerer samarbeidet til samsvar er skipa.
§42 Norsk Målungdom skal ikkje binda seg til noko politisk parti.
§43 Norsk Målungdom kan ikkje løysast opp så lenge det finst tre lag som ikkje vil det. Dersom Norsk Målungdom vert løyst opp eller ligg nede, skal Noregs Mållag taka over eiga mellombels. Eiga går over til Noregs Mållag dersom det ikkje innan fem år vert skipa til ein ny landssamskipnad med same føremål som står i §1 i denne lova.