Norsk Målungdom

Språklege rettar

Nynorsk og bokmål har vore jamstelte sidan 1885. Av di bokmålet har hatt hegemoni i Noreg har det vore naudsynt å få lovfesta ein del rettar for nynorskbrukarar slik at desse skriftmåla skal vera jamstelte i røynda òg.

Elevrettar

Som nynorskelev har du ein del rettar:

Du har rett til å få læremiddel på nynorsk.

Nynorskelevane har hatt krav på skulebøker og andre læremiddel på eige mål sidan 1974. Denne retten vart truga i framlegget til ny opplæringslov i 1997, men etter me vann er denne retten lovfesta på ny! «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.» - Opplæringslova, §9-4

Du kan lese meir om retten til læremiddel på eige språk i forskrift til opplæringslova, kapittel 17.

Du har rett til å få eksamen på nynorsk

Du har rett til å møta nynorsk som undervisningsspråk.

Du har rett til å få ein rimeleg del av prøvene og undervisninga på ditt eige språk, jamvel om du er einaste nynorskeleven i klassen.

Du har rett til å velja hovudmål.

Du slepp å søkja skulen for å byta hovudmål til nynorsk. At bokmål og nynorsk er likeverdige skriftmål vil seia at elevar har rett til å velja nett det skriftmålet dei vil.

Du har rett til å klaga.

Om du ikkje er nøgd med måten læraren din eller skulen held seg til regelverket på, så har du rett til å klaga. Vi kan hjelpe deg med å klage viss du sender klaga di til oss gjennom klageskjemaet på denne nettsida. Nyttar ikkje det, kan du kontakta Elevorganisasjonen eller Norsk Målungdom.

Studentrettar

Universitet og høgskular skal fylgja mållova, og pliktar gje deg skjema og liknande på nynorsk. Dei skal òg nytta minst 25% nynorsk i skriftleg tilfang. I «Forskrifter om målform i eksamensoppgåver» står det i §2 tydeleg at eksamensoppgåver skal liggja føre på båe målformer, og at eksamenskandidatane etter eige ynske kan få oppgåvene anten på bokmål eller på nynorsk. Les meir om studentrettar og send inn klage her.

Oppdater!

Ein kampanje for digitale læremiddel på nynorsk

I samarbeid med Noregs Mållag skipar Norsk Målungdom til ein nasjonal kampanje for digitale læremiddel i skulen: Oppdater!

Dei siste åra har skulen blitt meir og meir digital. Mange nynorskelevar og -studentar får likevel ikkje nytte nynorsk i dei appane og programma dei nyttar. Lova, og forskriftene, som skal sikre opplæring på både nynorsk og bokmål er ikkje tilpassa ein situasjon der tilgangen til digitale læremiddel er stor og norske lærarar i teorien fritt kan velja å ta dei i bruk.

Det er kommunane som har ansvar for at elevane får oppfylt sine språklege rettar. Men mange kommunar er ikkje klare over dette ansvaret eller synest det er vanskeleg å lata vere å ta i bruk gode læremiddel sjølv om dei ikkje finst på nynorsk.

For å kartlegga kva digitale læremiddel som finst på nynorsk, og kva som ikkje finst på nynorsk, treng vi di hjelp.

Les meir om kampanjen og send inn tipsa dine her.