Kvifor sidemål?

1. Sidemål gjev fridom til å velja

Skulen skal gje oss kunnskap til å handla i samfunnet og til å ta sjølvstendige val. Kva språk ein vil nytta resten av livet, er eit viktig val å ta. Når du har lært både bokmål og nynorsk, har du fridom til å velja sjølv kva språk du vil nytta.

2. Sidemålsundervisning gjev større språkkunnskapar

Resultat frå forsking kring fleirmæle tyder på at ein vert betre i språk av å læra fleire språk. Sidemål gjev oss ikkje mindre, men meir språkkunnskap! Nordmenn er dei i Skandinavia som skjønar andre skandinaviske språk best. Dette heng truleg i hop med at me har to skriftspråk som alle lærer.

3. Sidemålsopplæring tryggjer rettane til nynorskbrukarane

Nynorskbrukarane har krav på å verta forstått og ikkje verta nedvurderte på grunn av språket sitt. Nynorskbrukarar har same retten som bokmålsbrukarar til å få brev og liknande frå det offentlege og lærebøker på språket sitt. For å sikra jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, må nynorsk vera ålmennkunnskap.

4. Nynorsk er norsk

Nynorsk er det einaste språket som byggjer på dei norske dialektane. Dialektane våre har utvikla seg frå gamalnorsk, og difor syner nynorsk samanheng mellom eldre norsk språk og slik me talar i dag. Difor er nynorskopplæringa heilt avgjerande for å kalla norskfaget for norsk.

5. Du får bruk for nynorsk!

Over ein halv million menneske nyttar nynorsk. Språket får større og større innpass i byane: no finst det skuleklassar med nynorsk hovudmål både i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Nynorsk vert brukt i bøker, aviser, teater, kommunar – på mange ulike område over heile landet. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har rekna ut at ein halv million abriedsplassar krev at du kan nynorsk. Veit du kvar du kjem til å arbeida resten av livet?


Informasjon om sidemålet
Kvifor har me sidemål? Kva er det? Litt ålmenn informasjon.
5 gode grunnar til å lære sidemål
5 raske argument for sidemålsundervisning.
Kva svarer me sidemålsmotstandarane?
Sidemålsmotstandarar argumenterer jamt over ganske likt. Her kan du lesa svar på dei mest vanlege innvendingane mot sidemålsundervisninga.