Norsk Målungdom

Dialekt

Nynorsk byggjer på dei norske dialektane. Då Ivar Aasen sette saman landsmålet, freista han å finna fellesnemnarar frå dialektane, slik at det nye skriftspråket skulle liggja so nære dialektane som mogleg. Dialektane er fundamentet for nynorsken, og dei er ein viktig del av identiteten vår som språkbrukarar.

Dei norske dialektane tok til å utvikla seg då folkesetnaden i Noreg vart tynna etter svartedauden i 1349. I fleire århundre vart dei sette på som «forkvakla dansk» av både dei norske og dei danske makthavarane. Ivar Aasen gjorde eit viktig arbeid for dialektreisinga då han synte at me kunne nytta dialektane til å laga eit eige norsk språk som skilte seg ut frå det danske.

Dialektfrigjeringa på 70-talet var ein stor siger for NMU. Fram til då var det utenkjeleg å snakka noko anna enn bokmål normaltale i fjernsyn eller på radio. Dialekt var noko som høyrte til i heimen, eller mellom sambygdingar. Folk som kom til Oslo frå andre plassar i landet kunne òg oppleva å verta diskriminerte for dialekta di. Det var til dømes ikkje uvanleg å sjå tillegg som «ikke nordlending» under jobblysingar.

I dag er stoda ein heilt annan for dei norske dialektane. Me kan stort sett snakka slik me vil der me vil. Likevel syner historia til dialektoppfatninga i Noreg at det er viktig å vera medvitne om kva haldningar me har til dialekt. Me synest det er viktig å arbeida for at dialektbruk skal vera ein sjølvsagt ting, same kvar me vil gjera oss høyrde.

Kvart år deler Norsk Målungdom ut Dialektprisen for å synleggjera kor viktig det er med god og medviten dialektbruk i media.