Byt til nynorsk

Kvifor byta til nynorsk?

Å byta til nynorsk er gjort i ei handvending, so få det gjort! På skulen vert hovudmål og sidemål vurdert likt når karakterane skal setjast, slik at det ikkje speler noka rolle kva du har som hovudmål. Du treng difor ikkje frykta for å få lågare karakterar. Den fyrste tida etter at du har byta hovudmål, vil du oppdaga at du fort vert mykje flinkare i nynorsk. Dette er ei god kjensle som er verd å prøva.

Korleis byta til nynorsk?

Frå du byrjar på ungdomsskulen er du fri til å velja kva hovudmål du vil ha. Me har skular der fleirtalet skriv nynorsk og me har skular der fleirtalet skriv bokmål, men kvar elev står fri til å velja kva språk han eller ho vil.

Alt du treng å gjera, er å seia i frå til norsklæraren og til kontoret på skulen. Du kan byta når som helst, det er aldri for seint. Om du vil byta ei veke før eksamen i 3. klasse, er det i heilt lov.

Ditt nye liv som nynorskbrukar

Etter å ha skrive bokmål store delar av livet, kan bytet til nynorsk vera litt trått i starten. Den fyrste tida kan det i det heile vera vanskeleg å hugsa på å skriva nynorsk. Det er vanleg å skriva eit par setningar på bokmål før du kjem i hug at du skal skriva nynorsk.

Du er vane med å tenkja bokmål når du høyrer læraren prata og skal notera frå undervisninga. Når du klarer å ta notat eller skriva tekstar utan å falla ut av nynorsken, er du komen langt på veg i ditt nye tilvære som nynorskbrukar.

I bytet frå bokmål til nynorsk vil du kanskje den fyrste tida leita etter ord, både kvardagslege ord og fagomgrep. Det hjelper å ha nynorske lærebøker, for då vil du oftast finna dei orda du treng i skulefaga. Hugs at det berre er den fyrste tida du må leggja litt ekstra krefter i språket, etter nokre få månader går det av seg sjølv. Ikkje gje opp, me heiar på deg!