Landsmøtet 2012

Er du interessert i kva vi skal gjere for nynorsken i året som kjem? Eller i kva for eit språkpolitisk grunnlag som skal liggje i botn for alt vi meiner og gjer? Velkomen skal du vere til landsmøtet på Voss 23.-25. mars!

Økonomi/praktisk

Kvar: Vangen skule, sentralt på Voss.

Når: 23.-25. mars. Møtestart fredag truleg klokka 17, men det er lurt å vera der ei stund før for å sjekka inn og installera seg.

Reisedekking: Dei lokallaga som ikkje har monalege inntekter utanom Frifond, kan få dekt reiseutlogene av sentrallekken. Ta kontakt med skrivarstova eller med Vebjørn Sture i landsmøtenemnda (vebjorn@nynorsk.no)

Påmelding

Lokallaga vel normalt utsendingar på årsmøtet (høgsesongen for årsmøte er januar-mars). Ta kontakt med lokallaget ditt om du vil reise på landsmøtet for dei.

Dersom du ikkje har noko lokallag, kan du reise som observatør. Er du usikker på om det er noko lokallag der du bur, ta kontakt med skrivarstova.

Lurer du på kor mange utsendingar laget ditt kan sende? Utsendingsnykelen finn du i §17 i lovene.

Sakspapir

Her kjem sakspapira fortløpande etter kvart som dei er klare. Ver også merksam på at der kan kome endringar. Merk at der ikkje er sakspapir til leiartalen og landsmøtetalen. Sakspapir til opninga, fråsegner og landsmøtestad kjem fyrst etter at landsstyret har gjort sine innstillingar 22. mars.

Icon Innkallinga (133.7 KB)

Icon Køyreplan (46.9 KB) (ikkje handsama av landsstyret enno)

Icon SAK 2 Årsmelding - februar, utan tillegg (105.0 KB)

Icon SAK 3 og 10 Rekneskap og budsjett (92.8 KB) (ikkje handsama av landsstyret enno)

Icon SAK 6 Arbeidsprogram 2012-2013 (53.3 KB)

Icon SAK 9 Framlegg til ny tuft for Norsk Målungdom (35.8 KB)

Icon SAK 13 Opprydding i gjeldande styringsdokument (38.1 KB)

Støttespelarar

Landsmøtet er sponsa av:
Hordaland Mållag

Fristar

På-/avmeldingsfrist: 12. mars. Dette er fylgjeleg også fristen for å ha årsmøte i lokallaga.

Fristen for å levere endringsframlegg til lov og tuft* var 9. februar, og er såleis gått ut. Den same fristen gjeld for medlemer eller lokallag som ynskjer å melde eigne saker til landsmøtet.**

* Det er allereie klart at landsmøtet skal handsame framlegg til ny tuft. Såleis er det truleg meir gagn i å kome med endringsframlegg til den nye tufta. Framlegget til ny tuft finn du på tuftbloggen. Fristen for å føreslå endringar i den nye tufta er sett til 16. mars. Les alt om dette på tuftbloggen.

** Lov- og tuftfristen er absolutt. Landsmøtet kan derimot gjere unntak for andre saker som er sendt inn etter fristen, men i slike tilfelle krev lovene at det er 2/3 fleirtal på landsmøtet for å realitetshandsame saka. Med andre ord: Det er lurt å halde seg til fristen uansett. :)

Sponsa landsmøtet?

Me tek gjerne imot økonomiske bidrag! Verksemder, mållag eller andre som vil yta økonomisk støtte til landsmøtet 2012, kan venda seg til økonomiplanleggjar for landsmøtet, Vebjørn Sture (vebjorn@nynorsk.no / 924 16 527), eller økonomiansvarleg i NMU, Eva Holthe Enoksen (eva@nynorsk.no / 971 49 323).